Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eg har teke eit val

Kan vi velje bort hatet? Lytt til teksten "Jeg har tatt et valg", diskuter innhald og verkemiddel – og skriv sjølv.
Ei folkemengde som held roser over hovuda sine. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Lytt og leit

  1. Sjå videoen der og skodespelar Sofie Frost framfører diktet sitt "Jeg har tatt et valg".
    NRK: Jeg har tatt et valg
  2. Ordet "val" er viktig i denne teksten. Kva ligg i dette ordet? Slå opp i ordboka og finn den definisjonen som passar best til denne samanhengen.
  3. Kva meiner du er hovudbodskapen i denne teksten? Kven er denne bodskapen retta mot?
  4. Kva er slam-poesi? Gjer eit nettsøk og diskuter med ein medelev korleis "Jeg har tatt et valg" passar inn i denne sjangeren.
  5. Korleis bruker Sofie Frost stemma, ansikts-mimikk og kroppsspråk for å understreke og få fram bodskapen i denne teksten?
  6. Kva slags språklege verkemiddel bruker ho i denne teksten, og kva slags verknad har dei? Bruk fagartikkelen om språklege verkemiddel i dikt når du skal undersøke dette.

Oppgåve 2. Diskuter

  1. Sofie Frost fortel her om seksuelle overgrep, og at ho lærte at "kroppen min tilhører ikke meg". Diskuter kva dette kan bety.
  2. Er erfaringa til Sofie Frost noko som er spesifikt for jenter, eller kan alle kjenne det slik? Utdjup svaret ditt.
  3. Ho seier at ho har grunnar til å hate, men vel å ikkje gjere det. Kva andre døme kan de finne der nokon vel å hate andre menneske, der dei kunne velje å ikkje gjere det?
  4. Sjå på dette utdraget frå diktet "Jeg har tatt et valg". Diskuter om tankane som kjem fram her kan brukast til å skape mindre avstand mellom ulike grupper menneske – og ein litt mildare tone i den offentlege debatten.

Jeg velger
å ikke la
hatet
og frykten
styre
mitt liv
fordi noen få
menneskers
handlinger
representerer
ikke
alle
kjønn
farge
opphav
legning
vi er alle
mennesker

Oppgåve 3. Skriv sjølv

Skriv eit dikt der tittelen er ei verselinje frå "Jeg har tatt et valg". Til dømes "vi er alle mennesker" eller "den verste lyden jeg noen gang har hørt".

  1. Dikt vidare med utgangspunkt i tittelen du har valt. Ver bevisst på rytmen og lyden til orda du vel – dei skal jobbe saman med orda for å understreke temaet og bodskapen i teksten din.
  2. Framfør tekstane i små grupper eller spel inn lyd og/eller video.
  3. Kva med å arrangere ein poesi-slam i klassen eller på skulen? Her kan dei elevane som ønsker det, framføre tekstane dei har laga. Andre elevar kan få ulike oppgåver som arrangørar – introdusere deltakarane, marknadsføre arrangementet – og oppgåver knytte til sjølve gjennomføringa.

Kjelde

Frost, S. (2016, 22. september). Jeg har tatt et valg. NRK. https://www.nrk.no/video/--jeg-har-tatt-et-valg_282212

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2020

Læringsressursar

Lyrisk dikting