Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvifor analysere dikt?

Dikt bør sjølvsagt opplevast. Men vi kan òg lære mykje om korleis dikt verkar på oss når vi nærles dei og undersøkjer korleis diktaren bruker språket.

Å analysere dikt

Å analysere eit dikt vil seie å finne ut kva diktet kan tyde, og korleis diktaren bruker ulike verkemiddel for å få fram tydinga. I analysen må vi sjå på både språket og forma diktet har fått. Når vi lærer oss å analysere dikt, blir vi meir medvitne lesarar. Vi forstår betre korleis diktaren bruker språket for å vekkje tankar og kjensler, og vi set kanskje endå større pris på diktet når vi skjønner at gleda vi føler når vi les det, er resultatet av både inspirasjon og dyktig handverk.

Framgangsmåte

Det er ofte lurt å samarbeide om å analysere tekstar. Desse prinsippa kan vere nyttige då:

  1. Først må alle i gruppa eller klassen forstå kva teksten handlar om. Når teksten er eit dikt, skal alle ha ei oppfatning av kva som er motiv og tema i diktet.
  2. Tolkinga, det vil seie kva de oppfattar som tema, kan sjølvsagt variere noko, men diskusjonen dykk imellom blir mykje meir fruktbar om de i det minste er samde om det konkrete motivet i diktet.
  3. Tolking av dikt fungerer ofte best når du først prøver deg aleine og deretter diskuterer tolkinga med dei andre i klassen.
  4. Først når du forstår motivet og har danna deg ei oppfatning av kva som kan vere temaet, bør du gå inn i neste fase: nærlesinga.
  5. Når du nærles, ser du nøye på kva for ord, språklege bilete og andre verkemiddel forfattaren har valt.
  6. Nærlesinga skal gi deg “prov” som underbyggjer oppfatninga di av kva temaet er. Men ver også open for at nærlesinga kan vise at du må endre oppfatning!

Hugs: Ein kan aldri lese eit dikt for mange gonger.