Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis nærlese dikt?

Kor tett er det eigentleg mogleg å kome på kvarandre? I diktet "Hvilket rom har bare plass til én?" skriv Gro Dahle om nettopp dette. Her skal du øve deg på å nærlese for å finne ut av korleis Gro Dahle bruker verkemiddel for å få fram temaet.

Del 1

Før vi skal setje i gang med diktet til Gro Dahle, skal du få sjå eit døme på kva nærlesing er. Nærlesing av tekstar har som mål å finne verkemidla som er brukte og analysere korleis desse framhevar temaet i tekstane. Men korleis går du fram for å få til dette?

I videoen under er diktet "Midt i byen" av Rudolf Nilsen brukt som døme. Det er derfor lurt å setje seg litt inn i dette diktet før de ser videoen.

Diktet "Midt i byen" kan de finne på Nasjonalbibliotekets nettsider.

  1. Les diktet. Diskuter i par eller grupper: Motivet i dette diktet er bylivet, men korleis meiner de det blir framstilt? Meiner det lyriske jeg-et at det er positivt eller negativt å bu i byen?
  2. Rudolf Nilsen bruker ei rekkje verkemiddel, til dømes metaforar, samanlikningar, symbol, besjelingar og kontrastar. Klarer de å finne dei?
  3. Om de har vore så flinke at de klarte å finne verkemidla, skal vi gjere det som er det viktigaste i nærlesinga – finne ut av kvifor forfattaren bruker dei ulike verkemidla. Diskuter på gruppa: Kvifor bruker han dette ordvalet? Korleis forsterkar det stemninga eller temaet i diktet?
  4. Sjå videoen under.

Del 2

I denne fasen skal de først jobbe heilt på eiga hand, deretter i klassefellesskap. Diktet de skal jobbe med er "Hvilket rom har bare plass til én?".

De skal ikkje starte med å nærlese diktet, altså leite etter verkemiddel. Det første du bør gjere når du les eit dikt, er å prøve å forstå kva det handlar om.

  1. Set av 10 minutt til å lese diktet "Hvilket rom har bare plass til én?" (nedst på sida) heilt aleine. Det er viktig at det er stille i klasserommet medan de les. Les diktet minst tre gonger. Noter ned alt de meiner er viktig for forståinga av diktet undervegs i lesinga.
  2. Diskuter kva de meiner er temaet i diktet i klassefellesskap.
  3. Nærles diktet aleine. Bruk framgangsmåten de lærte i videoen.
  4. Diskuter funna i par eller grupper. Kva verkemiddel har de lagt merke til?
  5. Diskuter kva funksjon verkemidla har.

Relatert innhald

Kilde

Nilsen, R. (1929). "Midt i byen" frå Hverdagen. Oslo: Gyldendal.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Lyrisk dikting