Lyriske sjangrar
Heilt sidan skrivekunsten blei oppfunnen, har vi menneske skrive ned dikt på tavler, pergamentrullar eller papir. Boklyrikk er dikta vi finn nedskrivne.
Dikta som er episke, fortel ei historie. Dei er ofte lange og har dei ytre kjenneteikna til eit dikt, men er meir opptekne av handlinga enn av stemningar og sanseinntrykk.
Denne sjangeren har ein lang tradisjon. Mellom anna er dei to kjende greske eposa frå omtrent 700 f.Kr, Illiaden og Odysseen, døme på episke dikt.
Når det gjeld vår eigen tradisjon for episke dikt, er nok det mest kjende dømet “Terje Vigen”, skrive av Henrik Ibsen i 1861. Det fortel historia om korleis den sørlandske sjømannen Terje kjempar for opphald til livet under Napoleonskrigane:
Nu skal jeg fortælle, hvad jeg har hørt
om Terje fra først til sidst, (…)
Siden jeg så ham en enkelt gang,
han lå ved bryggen med fisk;
hans hår var hvidt, men han lo og sang
og var som en ungdom frisk(Henrik Ibsen, 1861)
Ofte kan det vere vanskeleg å avgjere om tekstar er prosa eller lyrikk. Prosalyrikk er forteljande dikt som ikkje har fast form, rim eller rytme, men som elles bruker mange språklege verkemiddel som er typiske for dikt. Det kan vere gjentakingar, kontrastar eller språklege bilete.
Ein som var spesielt kjend for å skrive prosadikt, var Sigbjørn Obstfelder (1866 - 1900). Høyr på diktet hans "Byen" (1893). Klarer du å peike på trekk som er typiske for høvesvis prosa og lyrikk?
Den såkalla songlyrikken er nok den mest populære forma for lyrikk i vår tid. Dei fleste av oss lyttar til rock, pop, viser, rapp og andre former for populærmusikk.
Pop / rock
Både pop og rock er sjangrar som oppstod i USA på 1900-talet. Det er ikkje alltid like lett å skilje sjangrane frå kvarandre, men vi kan seie at pop er ein “mjukare” sjanger enn rocken. Uansett er begge sjangrane rytmisk musikk som vanlegvis har vokal. Dessutan har både pop- og rocktekstar ofte eit refreng som blir gjenteke.
Rapp
Dei fleste av dykk veit nok godt kva «rapp» er. Sjangeren blei utvikla i New Yorks subkulturar og er meint for å framførast. Men medan pop er melodisk, blir rappen framført på ein spesiell måte der rytmen og uttalen er det viktigaste.
Også i rapp-tekstar er det vanleg å bruke rim for å skape rytme, men rytmen kan òg skapast på andre måtar. I rapp er det òg vanleg å kombinere rapp med melodisk song, slik Lars Vaular gjer i låta “En eneste”.
Relatert innhald
Viser
Visesong er ein eldgamal sjanger. Ei vise er eit dikt som er laga for å framførast med melodi. Ofte er dei særs enkle og blir framførte med få instrument, gjerne berre ein gitar. Viser har ofte fast rim- og rytmemønster, slik som i Lillebjørn Nilsens "God natt, Oslo":
Ditt lys blir aldri slukket, ingen klapper på din pute -
men av meg skal du få en vuggesang:
God natt, kjære Oslo God natt. God natt.
God natt, kjære Oslo: sov godt inatt!(Lillebjørn Nilsen, 1982)