Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eit dikt om ein viktig person

Ja, kven er det som ingen ser? Klarer de å finne ut av det ved å utforske nokre sentrale bilete frå diktet?

Del 1. Førlesing

De skal lese eit dikt som heiter "Hvem er det som ingen ser?". Diktet er bygd opp av ei rekkje ulike språklege bilete. No skal de få sjå nokre sentrale bilete frå diktet.

  1. Diskuter saman: Kven trur de dette diktet handlar om? Grunngi ved å bruke sitata frå diktet.
  2. Kva trur de diktet handlar om? Diskuter i grupper og grunngi svara dykkar. Skriv opp svara til kvar gruppe på tavla.

Del 2. Tekstforståing

  1. Diktet ligg som relatert artikkel nedst. Få ein i klassen til å lese diktet høgt. Sjå på det de har skrive på tavla: Etter å ha høyrt diktet ein gong, synest de at de har klart å tippe riktig på kva det handla om?
  2. Ein annan i klassen les diktet høgt ein gong til. Vil de skrive nokre fleire stikkord på tavla no? Hugs at jo fleire gonger du les eit dikt, dess betre forstår du det.
  3. Diskuter: Korleis blir morsrolla framstilt i diktet? Meiner de framstillinga er positiv, negativ eller nøytral? Grunngi svaret dykkar ved å vise til minst to sitat.

Del 3. Nærlesing

  1. Les dei to første strofene. Her er det mange språklege bilete. Skriv ned alle du finn og prøv å setje riktig namn på dei. (Er dei samanlikningar, metaforar, besjelingar eller personifikasjonar?)
  2. Diskuter bileta de har plukka ut i grupper. Kvifor trur de Dahle skriv at det er som om mora er "støpt inn i kjøkkenbenken", "korsfesta til tøyet" og "bærer huset på hodet"? Legg særleg merke til verba i dei språklege bileta.
  3. Ein sentral metafor i diktet skal vise kva innverknad ei mor har på barna sine. Kva for ein?

Del 4. Ordval og konnotasjonar

Sjå på dei fire strofene frå dikta under. Dei til venstre er frå første del av diktet, medan dei til høgre er frå avslutninga.

No skal du leggje merke til kva rolle ordvalet har i eit dikt. Ein diktar har ofte få ord å boltre seg med, derfor vel hen ofte ord som har visse konnotasjonar til seg. Det vil seie at vi forbind visse eigenskapar og kjensler med dei.

  1. Les strofene til venstre og legg merke til dei utheva orda. Kva konnotasjonar vekkjer dei? Kvifor trur du Dahle har valt akkurat desse orda?
  2. Gjer det same med dei to strofene til høgre.
  3. Samanlikn ordvalet i starten og slutten av diktet. Korleis får orda og konnotasjonane deira fram ei utvikling av motivet?
  4. Kva betyding har det for korleis du oppfattar temaet i diktet at konnotasjonane til orda mot slutten av diktet er så ulike dei i starten?

Del 5. Diskuter kontekst

Diskuter i klassen: Meiner de dette diktet framstiller morsrollen i dag på ein aktuell måte?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Lyrisk dikting