Hopp til innhald
Fagartikkel

Rimmønstre

Rimmønsteret i eit dikt finn vi ved å sjå på enderima.

Ulike typar rimmønster

Dei fire vanlegaste rimmønstera er parrim, kryssrim, omsluttande rim og balladerim

Bokstavsymbol og rimmønster

For å forklare rimmønster bruker vi bokstavsymbol. Det første rimordet i slutten av ei verselinje gir vi symbolet a. Om siste ordet i neste verselinje rimar på det første, blir det altså mønsteret aa.

Eks:

Eg elskar deg (a)
og du elskar meg. (a)

Men om neste verselinje sluttar med eit ord som rimar på eit anna ord seinare i strofen, gir vi ho symbolet b.

Eks:

Eg elskar deg (a)
Her vil eg ikkje bu (b)
Du elskar ikkje meg(a)
di eiga fru(b)

Om ei verselinje sluttar på eit ord som ikkje rimar med andre ord i strofa, gir vi ho symbolet 0

Eks:

Eg elskar deg(a)
Eg skal reise(0)
Du elskar ikkje meg (a)

Parrim

Parrim kallar vi det når enderima på slutten av verselinja er plasserte etter kvarandre i forma aabb. Dette gjer til dømes Arnulf Øverland i det kjende kampdiktet "Du må ikke sove" (1937):

Vi vet ikke selv, hvad vi ligger og venter, (a)
og hvem der kan bli den neste, de henter. (a)
Vi stønner, vi skriker - men kan dere høre? (b)
Kan dere absolutt ingenting gjøre? (b)

Kryssrim

Kryssrim er når enderima kjem i annakvar verselinje: abab. Øverland bruker òg dette rimmønsteret:

Jeg våknet en natt av en underlig drøm, (a)
det var som en stemme talte til mig, (b)
fjern som en underjordisk strøm - (a)
og jeg reiste mig op: Hvad er det du vil mig? (b)

Omsluttande rim

Når første og fjerde linje rimar på kvarandre, og andre og tredje rimar (abba), kallar vi det omsluttande rim. Øverland skriv:

Hele kjelleren her er full, (a)
og alle kaserner har kjeller ved kjeller. (b)
Vi ligger og venter i stenkolde celler, (b)
vi ligger og råtner i mørke hull! (a)

Balladerim

Rimmønsteret 0a0a er balladerim. Det betyr at berre andre og fjerde linje rimar. I dikta "Einsamflyger" (1957) bruker Halldis Moren Vesaas balladerim:

Barn, ikkje le av den fuglen (0)
som flaksar så hjelpelaust av stad. (a)
Vinden har skilt han frå dei andre (0)
som flyg over havet i ei jamn, tett rad. (a)

Litteratur

Vesaas. H.M. (1957). Einsamflygar fra Utvalde dikt. Oslo. Achehoug & Co.

Øverland A. (1937). Du må ikke sove fra Den røde front. Oslo. Tiden.