Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ordval og konnotasjonar

Dikt er til vanleg korte og konsentrerte tekstar. Kvart ord og uttrykk er valt med særleg omhug.
En stein i en gammel gråsteinsmur tagget med teksten Kanskje vi skulle være stille. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Eit viktig formål med ordvalet i eit dikt er å skape ei stemning eller å vekkje visse konnotasjonar hos lesaren. Ein konnotasjon er ei vanleg tilleggstyding som vi knyter til eit ord. Til dømes vil fargen svart for dei fleste konnotere noko dystert, kanskje døden, medan fargen kvitt ofte konnoterer uskyld.

Ord kan i tillegg vekkje assosiasjonar, det vil seie personlege kjensler og erfaringar som vi kanskje ikkje har felles med nokon andre. Assosiasjonane til den enkelte lesaren veit ikkje diktaren noko om, konnotasjonar derimot kan han eller ho utnytte fordi "alle" deler dei.

Jobb i firargrupper. Begynn med deloppgåve 1 og løys ho først individuelt. Samanlikn deretter svara som de i gruppa har komme fram til. Bruk same framgangsmåte i dei andre deloppgåvene.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2018

Læringsressursar

Lyrisk dikting