Rim og rytme
Se på denne strofa frå diktet "Aust-Vågøy" (1941, men utgitt i 1945) av Inger Hagerup:
«De brente våre gårder.
De drepte våre menn.
La våre hjerter hamre
det om og om igjen.»
- Sit saman to og to. Les strofa høgt for kvarandre.
- Kva for ord legg de trykket på når de les?
- Korleis bidreg enderima til å bestemme lesemåten dykkar?
Enderim
“Aust-Vågøy” har eit kjenneteikn som mange forbind med dikt, nemleg enderim. Det vil seie at to ord som rimar er plasserte bakarst i verselinjene.
Ofte vil det føre til at nettopp desse orda får trykk, noko som skaper ein fast rytme i diktet.
Lag eit kort dikt med fire-åtte strofer. Bruk enderim for å skape rytme. Hugs at orda som får trykk bør vere viktige nøkkelord i diktet ditt.
Har du idétørke? Ta utgangspunkt i namnet til ein i klassen og bruk rimordboka.
Påstand: Utdraga frå dikta "Hestene står i regnet", "Fandango" og strofa frå "Håvamål" er fulle av rim.
Gå saman to og to. Les tekstane høgt for kvarandre. Klarer de å finne rima?
Hestene står i regnet (utdrag)
«Stå og kjenne kroppen suge
dette svale, sterke, våte,
som i strie strømmer siler
over ansikt, hår og hender.»
(Astrid Hjertenæs Andersen, 1948)
Håvamål (utdrag)
«Betre byrdi
du ber 'kje i bakken
enn mannavit mykje.
D'er betre enn gull
i framand gard;
vit er vesalmanns trøyst.»
(ukjend forfattar)
Fandango (utdrag)
«(....) Surrende, kurrende, kjælende toner,
smilende, hvilende, hviskene toner,
sanselige søte:»
(Vilhelm Krag, 1891)
Her kan du høyre heile diktet:
Ingen av dei tre dikta over har enderim. Men alle tre dikta har bokstavrim. Bokstavrim er rim der rimorda byrjar med lik lyd, ofte med lik konsonant: I dikta "Hestene står i regnet" har forfattaren ein gjentakande bruk av ord som startar med lyden s:
Stå og kjenne kroppen suge
dette svale, sterke, våte,
som i strie strømmer siler
Bokstavrim har same funksjon som enderim: Det skaper rytme og fører til at vi legg trykket på orda som startar med same bokstav.
Assonans blir brukt om klanglikskap mellom vokalar. Sjå til dømes på diktet “Fandango”. Her skaper gjentakinga av både u-en i den første verselinja og i-en i den andre verselinja trykk og fast rytme:
Surrende, kurrende, kjælende toner,
smilende, hvilende, hviskende toner
Lytt til sangen “Tusen tegninger” (2010) av Karpe Diem. Du finn songteksten i NDLA-artikkelen "Tusen tegninger".
- Kor finn du enderim, assonans og allitterasjon?
- Kva synest du dette tilfører songen av rytme og trykk?
- Korleis understrekar rima og rytmen bodskapen i teksten?
Lag eit dikt eller ein songtekst der målet er å bruke både enderim, bokstavrim og assonans mest mogleg.
Sit saman to og to. Ta utgangspunkt i namnet til sidemannen din og lag bokstavrim av dette. Målet er å få fram eigenskapane til kvarandre.
Til dømes:
Festlige Frode
frykter ingen
fin, artig og litt frekk
Alvoret hans fiende