Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til diktet "Thomas kører mennesker ned"

Spørsmål til diktet "Thomas kører mennesker ned" av Ina Lycke Schmidt.
Blomster i minne om en bilulykke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Les diktet " Thomas kører mennesker ned " av Ina Lykke Schmidt.

  1. Ifølgje diktet "Thomas kører mennesker ned"har han ikkje for vane å gjere dette, men nett i dag køyrer Thomas ned menneske. Kvifor gjer han det?
  2. Korleis reagerer faren til Thomas då han får høyre kva Thomas har gjort?
  3. Thomas spør faren "hvorfor de ikke kan få fat på nogle nye mennesker så?" Kva fortel dette spørsmålet om Thomas som person?
  4. Kvifor trur du faren til Thomas ikkje har noka forklaring på dette spørsmålet?
  5. Kor må Thomas møte som eit resultat av at han har køyrt ned menneske?
  6. Kva for forklaring vert gitt som grunn for at det er gale å køyre ned menneske?
  7. Korleis vert Thomas straffa for det han har gjort?
  8. Korleis grunngir retten den straffa Thomas får?
  9. Diktet fortel at "Thomas ved godt inderst inde at de heller ikke selv forstår det" når retten konstaterer at "mennesker har en ubetinget værdi i sig selv". Kva kan grunnen vere til at Thomas tenkjer nettopp dette?
  10. Kva synest du om straffa Thomas får? Grunngi svaret ditt.
  11. Korleis skil synet til Thomas seg frå synet retten har på menneskeverd?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2019

Læringsressursar

Lyrisk dikting