Hopp til innhald

Fagstoff

Språklege verkemiddel i dikt

Språket er verktøykassa til ein forfattar. Han inneheld mange ulike språklege verkemiddel som kan brukast til å klargjere eit tema.

Vanlege verkemiddel i dikt

Etter å ha førlest dikta, har du fått ei forståing av kva temaet i dikta kan vere, og du har skjønt kvifor akkurat desse to dikta er sette saman. Det er tydeleg at oppgåva ber om at du skriv om korleis livet i byen blir framstilt ulikt av dei to forfattarane.

Når du har fått ei slags forståing av kva tematikken er, altså kva dikta formidlar, er neste steg å sjå på korleis temaa i dikta blir uttrykte. For å få til dette steget, bør du kjenne til desse vanlege verkemidla i dikt:

  • kontrastar

  • konnotasjonar

  • språklege bilete

Viss du meiner du meistrar alle desse omgrepa, kan du gå vidare utan å gjere dei neste stega i stien. Men om du treng ei oppfrisking, bør du gjere oppgåvene under.

Oppgåve 1. Kontrastar og konnotasjonar

Dikt er ofte korte og konsentrerte tekstar. Diktaren har dermed ikkje så mange ord å boltre seg med som i ei novelle eller ein roman. Derfor blir kvart ord valt med omhu, og ofte blir orda brukte for å skape ei stemning eller gi lesaren visse konnotasjonar.

Ein konnotasjon er ein felles assosiasjon som vi knyter til eit ord. Til dømes vil fargen svart få mange til å tenkje på noko dystert, kanskje døden. Fargen kvitt derimot konnoterer gjerne uskyld.

Kontrastar og konnotasjonar i "I berg"

Oppgåve 2. Språklege bilete

Språklege bilete er eit samleomgrep for ord og uttrykk med overført betyding. Med overført betyding meiner vi at orda ikkje skal oppfattast bokstaveleg.

Sjå videoen med Gro Dahle øvst og sjekk om du meistrar dei fire grunnleggjande språklege bileta: besjeling, personifikasjon, metafor og samanlikning.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2022

Læringsressursar

Å samanlikne tekstar