Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lyrikkanalyse: det viktigaste verkemiddelet

Eit godt råd før du skal setje i gang med verkemiddelanalysen: Ta det viktigaste først. Finn fram til det dominerande verkemiddelet i teksten og start der.

Øvingsoppgåve

Sit i grupper på tre. Alle skriv ned på ein lapp kva dei synest er det viktigaste verkemiddelet i diktet «Mareritt i eventyrskogen». Deretter samanliknar de svara. Er de samde, eller har de ulike oppfatningar?

Oppsummer i klassen til slutt. Kva kom de fram til?

Relatert innhald

Grunngi svaret ditt!

Nokre vil kanskje seie at besjeling er det viktigaste verkemiddelet i diktet "Mareritt i eventyrskogen". I det første og lengste avsnittet i diktet er det mange besjelingar, og dei er med på å skape grunnstemninga i diktet. Andre har kanskje lagt merke til dei mange kontrastane? Diktet inneheld ein god del ord som er knytte til temaet barndom, og desse orda er positivt ladde eller nøytrale. Andre ord, til dømes "fornuft", "sanning" og "avslørt", vitnar om ein meir vaksen tenkjemåte og har fått ein negativ klang i diktet. Eller kan det vere allusjonane til eventyrverda som er viktigast, sidan diktet har fått tittelen "Mareritt i eventyrskogen"?

Det finst ikkje alltid noko fasitsvar på spørsmålet om kva som er det viktigaste verkemiddelet i ein tekst, men det finst godt og mindre godt grunngitte svar. Uansett bør du starte med eit språkleg verkemiddel som er brukt meir gjennomgåande og systematisk, ikkje eit som kanskje berre er brukt ein einaste gong i heile teksten.

Her vel vi å ta for oss besjelingane først. Men før vi går i gang med å skrive om dette verkemiddelet, må vi sjå på korleis vi kan byggje opp avsnittet.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2018

Læringsressursar

Å skrive lyrikkanalyse