Hopp til innhald

Fagstoff

Lyrikkanalyse: framgangsmåte og disposisjon

Å analysere eit dikt er å undersøkje kva diktet seier og korleis det seier det. Når du skal skrive ein diktanalyse, må du presentere observasjonane og refleksjonane dine på ein ryddig måte og i ei god rekkjefølgje.

Ein god framgangsmåte

Når du skal skrive ein diktanalyse, kan du arbeide på denne måten:

  1. Les diktet fleire gonger og dann deg ei oppfatning av motiv og tema.

    Med motiv meiner vi det diktet handlar om på det ytre, konkrete planet. Samanliknar vi eit dikt med eit fotografi, er motivet det vi kan sjå på biletet: ein situasjon, ei oppleving eller eit inntrykk som diktaren tek utgangspunkt i.

    Med tema meiner vi det ein tekst handlar om på eit djupare plan. Strengt teke må vi sjå dei ulike delane av teksten i samanheng for å kunne slå fast kva teksten ”eigentleg” handlar om. Men lesing er ein prosess, og allereie medan du les det første ordet i diktet, er hjernen din i gang! Les du diktet fleire gonger, får du ei “magekjensle”, eit førsteinntrykk av kva temaet kan vere, og dette førsteinntrykket gir deg noko du kan starte med. Så må du sjå om nærlesinga stadfestar førsteinntrykket eller om du endrar oppfatning.

  2. Nærles diktet. Nærlesing vil seie at du går gjennom diktet linje for linje, “zoomar inn” på detaljane og identifiserer verkemidla som er brukte. Dessutan skal du bruke korrekte fagomgrep om verkemidla.
  3. Undersøk korleis verkemidla du har funne, er med på å belyse tematikken i dikta. Kva for konnotasjonar, kjensler og refleksjonar vekkjer dei? Forsterkar verkemiddelbruken førsteinntrykket ditt av temaet i diktet?
  4. Skriv analysen. Legg vekt på god struktur og tekstbinding.

Forslag til disposisjon

Ein skriftleg analyse kan byggjast opp på ulike måtar. Her er ei enkel grunnoppskrift. Du kan gjerne variere ho når du har fått litt meir øving.

  1. Skriv ei innleiing der du presenterer diktet, diktaren og motivet.
  2. Skriv eit avsnitt om temaet i diktet.
  3. Skriv eit avsnitt om form.
  4. Skriv eit avsnitt om det viktigaste verkemiddelet i diktet.
  5. Skriv nokre avsnitt om andre viktige verkemiddel.
  6. Skriv ei avslutning.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2018

Læringsressursar

Å skrive lyrikkanalyse