Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lyrikkanalyse: avslutning

Når fire-fem avsnitt om viktige verkemiddel i diktet er klare, er det på tide å lage ei avslutning. Og her står du ganske fritt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kanskje du kan samanfatte observasjonane dine og komme med ein slags konklusjon om korleis tema og verkemiddelbruk heng saman? Du kan også reflektere ope rundt temaet i diktet: Er det ein allmenngyldig tematikk menneske vil kjenne seg igjen i til alle tider?

Oppgåve

Sit i treargrupper. No skal de rett og slett konkurrere i klassen om kven som skriv den beste slutten, med medelevane i klassen som dommarar! Konkurransen går føre seg på denne måten:

  • Den på gruppa som synest at han eller ho har ein god idé og som er den ivrigaste, skriv den første setninga i sluttavsnittet på eit ark.
  • De andre får ikke sjå på!
  • Deretter går lappen vidare til nestemann, som også skriv ei setning, igjen utan at de andre ser på.
  • Hald fram på same måten og ta to rundar med skriving, slik at avsnittet blir på seks setningar til saman. Kvar person på gruppa skal altså skrive to setningar.
  • Til slutt leverer de avslutninga til læraren, som les opp alle saman.
  • Klassen stemmer over kva for ei avslutning som er best!
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2018

Læringsressursar

Å skrive lyrikkanalyse