Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Finn og lag rim

For å klare denne oppgåva bør du kjenne til dei ulike rimmønstra vi har.

Relatert innhald

Kva for ulike rimmønster finst? Her finn du både forklaringar og døme.

Oppgåve 1

Diktet “Ti bud til en ung mann som vil fram i verden” (1963) av Jens Bjørneboe er eit ironisk dikt om korleis menneske kjem seg opp og fram. Diktet er strofisk og har parrim.

Sit i par med kvar dykkar PC. Kven av dykk klarer å finne riktig rimord på første forsøk?

Oppgåve 2

Her ser du åtte verselinjer. Fire av dei høyrer til diktet “Episode” (1945) av Inger Hagerup. Det har kryssrim. Motivet i diktet er ein krangel mellom to menneske.

Dei fire andre verselinjene er frå den tredje strofen av “Du må ikke sove” (1937) av Arnulf Øverland. Denne delen av diktet handlar om korleis nazistane behandla det dei såg på som mindreverdige "rasar". Strofen har omsluttande rim.

Klarer du å dra verselinjene til riktig dikt og setje dei i riktig rekkjefølge?

Oppgåve 3

Diktet "Til ungdommen” (1936) av Nordahl Grieg er eit dikt som handlar om å kjempe mot vald med ord. Det er opphavleg eit dikt laga i mellomkrigstida.

Arbeidarpartiet har lenge brukt diktet som kampsong. Det blei på nytt aktuelt etter terrorangrepet på ungdomspartiet deira på Utøya i 2011. I dag er det mange som forbind diktet og songen med det som skjedde då.

Diktet har balladerim. Klarer du å fylle inn det siste ordet i kvar strofe?

Oppgåve 4

Lag eit dikt med omsluttande rim i fast form. Utelat eitt eller to rimord i kvar strofe. Byt med ein medelev og sjå om de klarer å finne ut kva rimord som manglar.

Oppgåve 5

Jobb i par. Skriv ned åtte ord på eit ark. Desse skal partnaren din lage eit dikt av. Hen må sjølv finne ord som rimar på orda. I tillegg skal du skrive kva for eit av dei fire rimmønstra, balladerim, kryssrim, omsluttande rim eller parrim, medeleven din skal bruke.

Kjelder

Bjørneboe, J (1963): "Ti bud til en ung mann som vil fram i verden". Opphaveleg på trykk i Dagbladet.

Grieg, N (1936). "Til ungdommen" frå Samlede dikt (ISBN 82-05-18666-9). Digitalisert i Nasjonalbiblioteket.

Hagerup, I (1945). "Episode" frå Videre. Oslo. Aschehoug.

Øverland, A (1937). Du må ikke sove frå Den røde front. Oslo, Tiden.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2020

Læringsressursar

Å skrive lyrikkanalyse