Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Ord over grind"

Oppgåver til diktet "Ord over grind" av Halldis Moren Vesaas (1907–1995). Moren Vesaas var ein kjend norsk lyrikar og gjendiktar av klassiske europeiske drama.
Halldis Moren Vesaas som gammel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diktet " Ord over grind" av Halldis Moren Vesaas er henta frå samlinga I ein annan skog som kom ut i 1955.


Del 1. Teikn diktet

  1. Teikn diktet, slik du tolkar det
  2. Samanlikn teikninga di med ein annan i klassen og forklar kvarandre kvifor de valde å teikne det slik de gjorde

Del 2. Førsteinntrykk og oversikt

  • Finn nokre adjektiv som kan karakterisere grunnstemninga i teksten.
  • Kva trur du diktet handlar om? Svar med éi setning.
  • Gjer kort greie for korleis diktet er bygd opp. Stikkord her er strofer, rim og rytme.
  • Brukslyrikk, sentrallyrikk, allmenn tekst, personleg tekst, songlyrikk, boklyrikk: Vel merkelappar for diktet og forklar kvifor dei passar.

Del 3. Nærlesing

  • Diktet handlar om forholdet mellom to personar. Kva slags metafor (bilete) bruker forfattaren for å vise kor nært forholdet er mellom dei to?
  • Kva slags forhold trur du diktaren skildrar? Er det snakk om venskap, eit kjærasteforhold, eit forhold mellom forelder og barn? Eller seier diktet noko om mellommenneskelege forhold generelt? Prøv å grunngi svaret.
  • Korleis har eg-personen opplevd møta med den andre?
  • Det står ikkje nemnt direkte i diktet kvifor eg-personen vil "bu aleine i huset sitt". Kan du tenkje deg nokre grunnar?
  • Finn eitt eller to sitat frå teksten som viser at eg-personen er nøgd med situasjonen og med forholdet til den andre.

Del 4. Oppsummering

  • Har du fått bekrefta førsteinntrykket ditt av teksten, eller tolkar du han no på ein annan måte? Kva vil du no seie er temaet forfattaren tek opp?
  • Kva trur du forfattaren vil formidle gjennom denne teksten? Svar kort.
CC BY-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2019

Læringsressursar

Å skrive lyrikkanalyse