Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eigavurdering og vidare utfordringar

Oppgåve 1

Notat

Gå over notata dine. Reinskriv dei og set dei opp oversiktleg og i ei fornuftig rekkjefølgje.

Oppgåve 2

Skriving i ti minutt

Du har no fått eit godt inntrykk av korleis forfattaren skildrar motivet og bruker ulike verkemiddel for å belyse temaet i diktet. Skriv fritt i ti minutt om motiv, tema og dei viktigaste verkemidla.

Oppgåve 3

Refleksjon

Bruk fem til ti minutt på å vurdere kva du har lært under arbeidet med læringsstien. Skriv ned vurderingane dine.

  1. Kva kunne du frå før? Kva nytt har du lært?
  2. Finst det noko som du framleis opplever som vanskeleg eller uklart? Prøv å forklare kva det er du strevar med i så fall.

Oppgåve 4

Samanlikning av to dikt

No skal du ha fått god innsikt i korleis ein les for å analysere dikt. Dersom du vil ha ei ny utfordring, kan du til dømes samanlikne diktet du nettopp har lese, med diktet «Skyggen» frå diktsamlinga Lysår av Åse-Marie Nesse. Du finn boka og diktet på bokhylla.no.

Oppgåve 5

Skriftleg diktanalyse

Skriv ein samanhengjande analyse av diktet du nettopp har analysert. Skrivetips finn du i læringsstien "Slik kan du skrive ein diktanalyse".

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2019

Læringsressursar

Å skrive lyrikkanalyse