Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lyrikkanalyse: form

Nokre gonger er det lett å oppdage ein klar samanheng mellom form og innhald i eit dikt. Andre gonger må vi undersøkje diktet nøye før vi ser korleis oppbygnad og musikalske verkemiddel er med på å forsterke det som blir sagt med ord.

Oppbygnad, rim og rytme

De brente våre gårder.
De drepte våre menn.
La våre hjerter hamre
det om og om igjen.

I denne strofa frå diktet "Aust-Vågøy" av Inger Hagerup legg vi med ein gong merke til den tydelege, faste rytmen. Orda i diktet er korte, og i dei to linjene som har enderim, endar begge rimorda på ei trykksterk staving: menn, igjen. Saman forsterkar rytmen, rimorda og den knappe tonen bodskapen i diktet og understrekar at "vi" meiner alvor: Ingen kjem til å gløyme det som har hendt!

Hjelpespørsmål

Det er langt frå alle dikt som har rim og fast rytme, men det finst andre ytre trekk ved eit dikt som det kan vere viktig å sjå etter og som du bør skrive om i analysen. Spørsmåla nedanfor kan hjelpe deg å undersøkje diktet systematisk. Vel ut dei spørsmåla som er relevante for akkurat ditt dikt.

  • Kor mange avsnitt består diktet av?
  • Er avsnitta like lange, eller har dei ulik lengd?
  • Er det noka form for rim i diktet?
  • Er rytmen fast, eller varierer han? Eller er han heilt fri, som i ein prosatekst?
  • Har diktet strofeform? (Med strofeform meiner vi at alle avsnitta i diktet er bygde opp likt, med like mange linjer og fast rim- og rytmemønster.)
  • Bruker diktaren ei kjend tradisjonell strofeform?
  • Kvifor er diktet delt opp slik det er? Kva er nytt og annleis frå eitt avsnitt til neste?
  • Finst det "brott" i teksten? Til dømes slik at stemninga endrar seg, eller ei overraskande vending inntrer?
  • Skaper diktaren struktur i teksten også på andre måtar enn gjennom avsnitt, rim og rytme?

Kjelde

Hagerup, Inger. (1946). Videre. Oslo: H. Aschehoug & Co

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2018

Læringsressursar

Å skrive lyrikkanalyse