Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ei gåte som må løysast?

“Meininga i poesi er av underordna betyding", sa den danske forfattaren Karen Blixen.

Mange trur at dikt er som ei gåte som må løysast. Men like viktig kan det vere å berre oppleve diktet og undre seg over det.

Oppgåve 1

  1. Les haikudiktet av Petter Solberg under og skriv ned dei spørsmåla den konsentrerte korte teksten vekkjer i deg.
  2. Teikn diktet! Ofte kan teikninga di vise korleis du vil tolke diktet eller kva du undrar på.
  3. Samanlikn teikninga med tre andre i klassen. Har de teikna dikta nokolunde likt? Forklar kvifor de valde å teikne diktet slik de gjorde.

tankespinn

flue fanger edderkopp

hvem er sterkest i landet her



(Solberg, 2008, Copyright)

Oppgåve 2

Skriv eit haikudikt!

Diktet til Petter Solberg i oppgåve 1 er eit såkalla haikudikt. Haikudikt er ein lyrikksjanger frå Japan med strenge reglar. Diktet skal vere over tre linjer, og det skal ha 17 stavingar fordelte i eit bestemt mønster.

No skal du lage eigne haikudikt, men du treng ikkje følgje andre reglar enn at

  • diktet skal vere kort,
  • og det skal vere over tre linjer.

Prøv å lage dikt som skal få lesaren til å undre seg. Noko som er litt rart og originalt. Eit godt tips er å tilføre eit overraskingsmoment i den siste linja, slik Solberg gjer i diktet over.

Kjelder

Sitat av Karen Blixen teke frå https://www.ordtak.no/sitat.php?id=13858

Solberg, P (2008). Dikt uten tittel. Enkeltståande dikt skrivne for NDLA.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2020

Læringsressursar

Å skrive lyrikkanalyse