Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lyrikkanalyse: Samskriv om eit verkemiddel

Du har allereie fått prøvd deg på å skrive eit avsnitt om verkemiddelbruk aleine. No skal du skrive eit avsnitt saman med to medelevar.

Oppgåve

Jobb saman i grupper på tre. Bruk gjerne eit del dokument de alle kan skrive i, og gå fram slik:

  1. De skal skrive om kontrastane i diktet "Mareritt i eventyrskogen". Ha diktet framfor dykk som hjelp medan de skriv.
  2. Ein på gruppa opnar eit samskrivedokument og inviterer inn dei to andre på gruppa, og læraren.
  3. Snakk saman før de set i gang med å skrive. De må vere samde om kva de vil leggje vekt på. Finn tre-fire døme frå teksten som de vil bruke som "prov". Kopier notata dykkar over i samskrivedokumentet.
  4. Den yngste på gruppa skal ta for seg tema- og kommentarsetningane, den nesteldste flettar inn sitat, medan den eldste skal skrive om kva slags funksjon kontrastane har i teksten.
  5. Be læraren kommentere undervegs medan de skriv. Dessutan må alle tre lese godt over heile avsnittet når de er ferdige, og passe på at setningane heng godt saman.

Nyttige uttrykk og setningar

Her er nokre uttrykk og setningar som kan passe i eit avsnitt om kontrastar. Kopier gjerne lista over i samskrivedokumentet dykkar og ta det de har bruk for.

  • stemma i diktet
  • det lyriske eg-et
  • verdiladde ord
  • konnotasjonar
  • kontrastar
  • kontrastord
  • Diktet er bygd opp rundt kontrastar.
  • På den eine sida har vi ord som …
  • På den andre sida ...
  • Felles for orda som handlar om barndommen er at …
  • Ord som er brukte om barndommen er til dømes …
  • I tillegg er det brukt ord som "…" og "..." for å vise …
  • Om vaksenlivet, derimot, er det brukt ord som …
  • Dessutan skildrar diktet …
  • Slik får desse kontrastane fram …
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2018

Læringsressursar

Å skrive lyrikkanalyse