Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rim og rytme

Lyrikk og musikk er i nær slekt. Rim og rytme bidreg til å bringe det musikalske inn i diktet.

Oppgåve 1

Se på denne strofa frå diktet "Aust-Vågøy" (1941, men utgitt i 1945) av Inger Hagerup:

«De brente våre gårder.
De drepte våre menn.
La våre hjerter hamre
det om og om igjen.»

  1. Sit saman to og to. Les strofa høgt for kvarandre.
  2. Kva for ord legg de trykket på når de les?
  3. Korleis bidreg enderima til å bestemme lesemåten dykkar?

Enderim

“Aust-Vågøy” har eit kjenneteikn som mange forbind med dikt, nemleg enderim. Det vil seie at to ord som rimar er plasserte bakarst i verselinjene.

Ofte vil det føre til at nettopp desse orda får trykk, noko som skaper ein fast rytme i diktet.

Oppgåve 2

Lag eit kort dikt med fire-åtte strofer. Bruk enderim for å skape rytme. Hugs at orda som får trykk bør vere viktige nøkkelord i diktet ditt.

Har du idétørke? Ta utgangspunkt i namnet til ein i klassen og bruk rimordboka.

Her finn du rimordboka.

Oppgåve 3

Påstand: Utdraga frå dikta "Hestene står i regnet", "Fandango" og strofa frå "Håvamål" er fulle av rim.

Gå saman to og to. Les tekstane høgt for kvarandre. Klarer de å finne rima?

Hestene står i regnet (utdrag)

«Stå og kjenne kroppen suge
dette svale, sterke, våte,
som i strie strømmer siler
over ansikt, hår og hender.»
(Astrid Hjertenæs Andersen, 1948)

Håvamål (utdrag)

«Betre byrdi
du ber 'kje i bakken
enn mannavit mykje.
D'er betre enn gull
i framand gard;
vit er vesalmanns trøyst.»
(ukjend forfattar)

Ordforklaringar

Byrdi: Byrde

Ber'kje: Ber ikkje

Mannavit: Klokskap

Vit: Vett / klokskap

Vesalmann: Stakkar / fattig mann

Fandango (utdrag)

«(....) Surrende, kurrende, kjælende toner,
smilende, hvilende, hviskene toner,
sanselige søte:»
(Vilhelm Krag, 1891)

Her kan du høyre heile diktet:

Fandango av Vilhelm Krag

0:00
-0:00
Fandango

Ikke janitscharmusik!
Stille, I marschtunge rythmer!
Stille, for fan, musikanter!

Tscherkesserinderne , tscherkesserinderne,
lad dem blot komme!
Ind skal de danse på spæde små fødder
til dæmpet musik
fra fjerne guitarer.

Surrende, kurrende, kjælende toner,
smilende, hvilende, hviskende toner,
sanselig søde:
Fandango !

Dysterrødt skjær om den lyslette dans,
skinnende langslør som sølvskyer stryge,
bølgende arme sig slynge så myge
i dans!

Et rødt lidet øre, en hvid liden finger
og fødder, som lydløse, lynrappe tripper
i sobelskinsdækkenets silkehår sorte. -
Og rislende ringlen fra smykker og stene.
Og kinder. Og øine.
Fandango!

Zerlina, min terne, din hals er så sød,
dit øie så sort,
men dit øie er vådt, Zerlina.

Zerlina, min terne, din læbe er rød,
din kind er så rund,
men din kind er så bleg, Zerlina.

Zerlina, min terne, din hud er så blød,
din mund er så frisk.
Men - hvi bæver din mund, Zerlina?

«Ak, herre, det lider mod høstens tid
og Persiens roser, de falder.
Og duggen græder på nellikens mund,
og løvet visner, o herre.»

Zerlina, min terne, hav tak for din dans
og dit ord. – Lad mig ene.

Det visner. Det visner,
det visner, det visner,
verden, den visner, og roser og kvinder,
mit legem og alle de skjælvende nerver
visner !

Og tiden, den sniger sig langsomt forbi mig,
og timerne vandrer at grave min grav.
Jeg tør ikke tænke - jeg tør ikke leve.
Tør ikke dø!

Og i denne dødens den natdybe stilhed
risler som endeløs heilo -sang:
Det visner, det visner,
det visn....

Musik, musik, janitscharmusik,
den store kinesiske tromme!

Fra "Digte" (1891).

Bokstavrim (alitterasjon)

Ingen av dei tre dikta over har enderim. Men alle tre dikta har bokstavrim. Bokstavrim er rim der rimorda byrjar med lik lyd, ofte med lik konsonant: I dikta "Hestene står i regnet" har forfattaren ein gjentakande bruk av ord som startar med lyden s:

Stå og kjenne kroppen suge
dette svale, sterke, våte,
som i strie strømmer siler

Bokstavrim har same funksjon som enderim: Det skaper rytme og fører til at vi legg trykket på orda som startar med same bokstav.

Assonans

Assonans blir brukt om klanglikskap mellom vokalar. Sjå til dømes på diktet “Fandango”. Her skaper gjentakinga av både u-en i den første verselinja og i-en i den andre verselinja trykk og fast rytme:

Surrende, kurrende, kjælende toner,
smilende, hvilende, hviskende toner

Oppgåve 4

Lytt til sangen “Tusen tegninger” (2010) av Karpe Diem.

  1. Kor finn du enderim, assonans og allitterasjon?
  2. Kva synest du dette tilfører songen av rytme og trykk?
  3. Korleis understrekar rima og rytmen bodskapen i teksten?

Relatert innhald

Oppgave 5

Lag eit dikt eller ein songtekst der målet er å bruke både enderim, bokstavrim og assonans mest mogleg.

Oppgave 6

Sit saman to og to. Ta utgangspunkt i namnet til sidemannen din og lag bokstavrim av dette. Målet er å få fram eigenskapane til kvarandre.

Til dømes:

Festlige Frode
frykter ingen
fin, artig og litt frekk
Alvoret hans fiende

Kjelder

Abdelmaguid M. Y. (2010). Tusen tegninger frå Aldri solgt en løgn (CD). Oslo: Bonnier Amigo.

Andersen A.H. (1948). Hestene står i regnet frå De unge Søylene. Oslo: H. Aschehoug & Co.

Hagerup, I (1945): Aust-Vågøy frå Videre. Dikt. Oslo: H. Aschehoug & Co.

Håvamål (ukjent forfatter). Henta frå http://www.heimskringla.no/wiki/H%C3%A5vam%C3%A5l.

Krag V. (1891). Fandango frå Digte. Dikt. Oslo: John Griegs forlag.


CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2020

Læringsressursar

Å skrive lyrikkanalyse