Undersøk distribusjonsstrategien til Oda
I denne oppgåva skal de undersøkje distribusjonsstrategien til Oda og vurdere korleis Oda bruker distribusjon som eit konkurransemiddel.
Lytt til podkasten. I podkasten høyrer de eit intervju med Jon Kåre Stene, medgründer i Kolonial.no – som bytte namn til Oda i 2021. Stene blir karakterisert som ein av dei fremste ekspertane på distribusjon i Noreg.
Finn relevant informasjon på nettstaden: oda.no
Oppgåve
Forslag til arbeid med oppgåvene
Jobb gjerne i par.
Presenter svara for klassen.
Ha ein diskusjon om oppgåvene i klassen til slutt.
Undersøk og beskriv distribusjonsstrategien til Oda.
Vurder korleis Oda bruker distribusjon som eit konkurransemiddel.
I april 2021 bytte Kolonial.no namn til Oda. Kva trur de er årsaka til at bedrifta bytte namn?
Drøft følgjande påstand: "Matvarehandel på nett er framtida i Noreg."
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2021