Hopp til innhald
Oppgåve

Kartlegging av handelsnæringa

Korleis ser handelsnæringa ut der du bur? Tek butikkane grep for å følgje med på nye trendar og handlemønster?

Oppgåve – i klassa og i grupper

Del 1: Førebuingar (i klassa)

  • Jobb saman i klassa for å få ei oversikt over butikkar og handlesenter der de bur. Del inn butikkane etter kva bransje dei tilhøyrer.
  • Del klassa inn i små grupper på 2–3 elevar, og fordel bransjane mellom gruppene.
Forslag til bransjeinndeling
  • elektro- og kvitevareforhandlarar

  • kles- og skobutikkar

  • sportsbutikkar
  • daglegvarebutikkar og andre matbutikkar
  • apotek og helsekostforretningar
  • serveringsstader
  • møbel- og interiørbutikkar
  • frisørar, helse- og skjønnheitssalongar
  • andre

Del 2: Lag ei marknadsundersøking (i klassa og i grupper)

  • No skal de gjennomføre ei marknadsundersøking i dei ulike bransjane.
  • Bestem dykk for kva type undersøking de vil gjennomføre. De kan bruke fleire typar dersom de meiner at det er føremålstenleg, kanskje både ei generell spørjeundersøking og eit intervju?
  • Start med å lage ei undersøking i fellesskap i klassa. Formuler spørsmåla saman. Deretter justerer kvar gruppe spørsmåla slik at dei passar til den aktuelle bransjen.
Tips til spørsmål de kan stille butikkane i marknadsundersøkinga
  • Kjenner de til nye trendar og handlemønster?

    • Kva for nokre?
    • Kva konsekvensar får dei for butikkane i bransjen dykkar?
  • Tilpassar de butikken dykkar til nye trendar og handlemønster?

    • Kva for nokre, kvifor og korleis?
  • Har eventuelle tilpassingar resultert i auka sal?
  • Kva endringar bør de gjere for å auke salet?

    • Kvifor og korleis?
  • Har de tenkt på nye løysingar?

    • Kva for nokre, kvifor og korleis?
  • Bestem dykk for korleis de vil kontakte butikkane, til dømes om de vil besøkje dei personleg, sende dei e-post, ringje dei eller kontakte dei via sosiale medium.
Ulike verktøy for å gjennomføre undersøkingar

Del 3: Gjennomføring og analyse (i grupper)

  • Kontakt butikkane på førehand, og lag avtalar for å gjennomføre undersøkinga.
  • Gjennomfør undersøkinga.
  • Analyser funna i bransjen "dykkar".
  • Lag ein presentasjon av funna dykkar.

Del 4: Presentasjon (i klassa)

  • Kvar gruppe viser presentasjonen sin for resten av klassa.
  • Noter viktige funn på tavla.
  • Diskuter likskapar og ulikskapar mellom bransjane.
  • Lag ein samla presentasjon av funna som er felles for heile handelsnæringa der de bur, og send ho gjerne til næringssjefen i kommunen. Dette kan vere viktig informasjon kommunen kan bruke i arbeidet med næringsutvikling.

Lykke til!

Relatert innhald

Fagstoff
Korleis velje forskingsmetode?

Kva er forskjellen på kvantitative og kvalitative metodar, og kva for ein av dei bør du velje når du skal gjennomføre eit forskingsprosjekt?

Fagstoff
Spørjeskjema

Tips til korleis du kan utforske ved hjelp av spørreskjema.