Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis velje forskingsmetode?

Du kan velje mellom to ulike metodar når du skal gjennomføre eit forskingsprosjekt. I eit kvalitativt forskingsopplegg går du i djupna og fokuserer på få personar. I eit kvantitativt forskingsopplegg talfestar du informasjonen du samlar inn og kan forske på fleire.
Ansikt med svarte prikkar. Sterke fargar med abstrakte figurar i bakgrunnen. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du har valt tema og problemstilling, må du velje forskingsmetode. Kva metode eller framgangsmåte du vel, vil vere med på å avgjere det vidare arbeidet med forskingsprosjektet. Det vil vere med å bestemme:

  • kven du skal ha med som deltakarar i undersøkinga.
  • korleis du skal samle inn informasjon.
  • korleis du skal analysere resultata.

Kva framgangsmåte du skal bruke, er først og fremst avhengig av problemstillinga di. Det er forskingsspørsmåla dine og det du vil finne ut som avgjer kva metode du bør velje.

I eit kvalitativt forskingsopplegg vel ein ofte ut færre forsøkspersonar og går i djupna på dei. Ved hjelp av observasjonar eller intervju tolkar ein opplevingane til einskildmenneske, erfaringar og haldningar for å oppnå ei større forståing av sosiale fenomen. Du kan til dømes intervjue asylsøkjarar for å få ei betre forståing av korleis dei opplever møtet med det norske samfunnet.

I eit kvantitativ forskingsopplegg har ein eit breiare fokus og samlar ofte meir avgrensa informasjon om fleire menneske. Den informasjonen ein samlar inn, må òg kunne målast og utrykkast ved hjelp av tal. Det gjer det mogleg å seie noko generelt om ei stor gruppe menneske. Vil du til dømes finne ut om mobbing er eit stort eller lite problem på skulen din, kan du bruke eit spørjeskjema for å registrere akkurat kor mange elevar på skulen som har opplevd mobbing.

Korleis blir informasjon talfesta i kvantitative metodar?

Ein måte å talfeste informasjon er å lage eit spørjeskjema der kvart svaralternativ har eitt nummer. Viss du til dømes vil vite kor vanleg det er at ungdommar bruker illegale rusmiddel, kan du be spørje dei kor ofte dei har brukt illegale rusmiddel den siste veka ved hjelp av faste, nummererte svaralternativ.

  1. Ingen gonger
  2. Éin gong
  3. To til tre gonger
  4. Fire til fem gonger
  5. Fleire enn fem gonger

Deretter kan du finne ut kor mange ungdommar som har svart i kvar kategori. På denne måten blir informasjonen talfesta.

Viss du òg ber ungdommane registrere kjønnet sitt, kan du til dømes òg finne ut kor mange kvinner og kor mange menn som svarer i kvar kategori, og du kan sjå om det er nokon forskjell mellom dei.

To kvinner sitt og snakker med kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvalitative metodar

Viss du ønskjer å forstå korleis einskildmenneske opplever sin eigen situasjon, kvifor dei handlar på ein bestemd måte, korleis dei tenkjer og kva motiv dei har, kan du bruke kvalitative metodar. Dei gir deg ein fyldigare og meir detaljert forståing av einskildmenneske og gjer det lettare å forstå heilskapen i situasjonen deira. Kvalitative metodar eignar seg òg bra viss du skal undersøkje noko du ikkje kjenner særleg godt eller det er forska lite på frå før.

Fordelar med kvalitativ metode er at han er fleksibel. Du kan endre fokus i løpet av undersøkinga og forfølgje nye spennande tema som dukkar opp undervegs. Det er lettare å avdekkje spesielle og unike fenomen. Sidan metoden er livsnær, er det lettare å forstå heilskapen i ein situasjon og sjå han innanfrå – frå forsøkspersonane sitt eige perspektiv.

Ei utfordring med kvalitativt forskingsopplegg er at det kan vere vanskeleg å få innpass og tett kontakt med det miljøet og dei personane du ønskjer å studere. Du kan heller ikkje bruke resultata av den kvalitative undersøkinga til å seie noko om større grupper i samfunnet. Sjølv om du i eit djupneintervju avdekkjer at ein ungdom med minoritetsbakgrunn opplever mykje skjult rasisme, kan du ikkje seie noko om kor stort dette problemet er blant ungdom i Noreg.

Kjenneteikn på kvalitative forskingsopplegg
  • Glidande overgangar mellom trinna i forskingsopplegget.
  • Problemstillinga blir ofte endra og presisert undervegs.
  • Analysen og tolkinga går føre seg gjennom heile forskingsprosessen.
  • Forskaren bruker ofte materiale frå mange kjelder i same undersøking.
  • Analysen består i å tolke meininga som ligg bak orda og handlingane til informantane.
  • Djupneperspektiv – mykje informasjon om få personar.
  • Få informantar og mange spørsmål (variablar).
  • Vanlege metodar for produksjon av data er:
    • observasjon
    • intervju
    • kvalitative analysar av tekstar
  • Forskaren må grunngi val av informantar, stad og tid.
  • Forskaren har ofte direkte kontakt med informantane.

Kjelde

Andersen, G. (2019, 31. februar) Val av forskingsmetode. Henta frå: https://ndla.no/article/5582

Hand held eon ipad som projiserar opp grafer, symbol og tall. Illustrasjon.

Kvantitative metodar

Kvantitative metodar kan du bruke viss du ønskjer å seie noko om kor utbreidd eit fenomen er eller avdekkje samanhengar. Dei kan hjelpe deg å sjå det som er felles og representativt for ei gruppe menneske. Viss du til dømes ønskjer å finne ut om det er ein samanheng mellom alkoholbruk og skulk blant ungdom, kan du gjennomføre ei kvantitativ undersøking ved hjelp av ei spørjeundersøking.

Fordelen med kvantitative metodar er at dei gjer det lettare å sjå mønster og samanhengar i samfunnet. Du kan bruke resultata av undersøkingane dine til å generalisere. Det vil seie at du kan seie noko generelt om ei stor gruppe menneske, til dømes kor vanleg det er at norske ungdommar engasjerer seg politisk. Det kan òg vere lettare å samanlikne dei resultata du har komme fram til, med andre undersøkingar og relevant statistikk. Det kan òg vere ein fordel, men også ei ulempe, at du ofte har større avstand til det du studerer og lettare kan sjå det frå utsida.

Ulempene med kvantitative metodar er at dei er lite fleksible, og du kan risikere å gå glipp av viktig informasjon ved det du studerer. Du kan ikkje endre spørsmåla undervegs og forfølgje nye og interessante spor. Du får heller ikkje vite så mykje om kvar person du undersøkjer. Det kan gjere det vanskelegare å avsløre om nokon ikkje svarer ærleg sidan du ikkje blir like godt kjend med dei du forskar på og kan stille oppfølgingsspørsmål.

Kjenneteikn på kvantitative forskingsopplegg
  • Følgjer trinna i forskingsprosessen. Prosessen må planleggjast nøyaktig på førehand.
  • Forskaren testar ut ulike hypotesar.
  • Problemstillinga har gjerne meir presise formuleringar om antekne samanhengar enn kvalitative studiar.
  • Breiddeperspektiv – litt informasjon om mange.
  • Få variablar – mange informantar.
  • Funna kan generaliserast viss utvalet er representativt.
  • Empiri (data) samlast ofte inn via spørjeskjema eller eksisterande statistikk.

Kjelde

Andersen, G. (2019, 31. februar) Val av forskingsmetode. Henta frå: https://ndla.no/article/5582

Metodetriangulering

Viss du kombinerer ulike metodar, blir det kalla triangulering. Både kvantitative og kvalitative forskingsmetodar har same mål. Dei ønskjer begge å bidra til ei forståing av samfunnet. Ofte kan forskarar bruke både kvantitative og kvalitative forskingsopplegg i ei undersøking. Du kan derfor sjå på kvantitative og kvalitative metodar som to ytterpunkt på ein skala som forskarar går fram og tilbake langsmed.

Sort pil på hvit bakgrunn som peker begge retninger med Kvantitative til venstre og kvalitative til høyre. Illustrasjon.

Viss du til dømes skal forske på kvifor nokre elevar droppar ut av vidaregåande, kan du starte med å bruke ein kvalitativ metode. Du kan gjennomføre nokre grundige intervju med tidlegare elevar som har droppa ut og få ei forståing av kva årsaker som ligg bak. Denne kunnskapen kan du i neste omgang bruke til å utforme ei kvantitativ undersøking. Ved hjelp av eit spørjeskjema kan du intervjue mange ungdommar for å finne ut kva årsaker som er mest utbreidde.

Du kan òg gå frå kvantitativ til kvalitativ metode. Viss du i ei kvantitativ undersøking finn ut at jenter opplever større kroppspress enn gutar, kan du forske vidare ved hjelp av kvalitative metodar. Ved hjelp av grundige intervju med nokre jenter og gutar kan du få ei djupare forståing av korleis dei opplever kroppspress.

Relatert innhald

Val av samfunnsvitskapeleg arbeidsmetode er som oftast bestemt av kva du skal undersøkje, og korleis forholda rundt det du skal undersøke er.

Kjelde

Andersen, G. (2019, 31. februar) Val av forskingsmetode. Henta frå: https://ndla.no/article/5582

Fangen, K. (2004) Deltakande observasjon. Bergen: Fagbokforlaget.

Grønmo, S. (2004) Samfunnsvitskaplege metodar. Bergen: Fagbokforlaget.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2020

Læringsressursar

Å jobbe med forskingsoppgåve