Hopp til innhald

Fagstoff

Forskingsrapport og forskingspresentasjonar

Resultata av forskingsprosjektet kan presenterast og formidlast på fleire ulike måtar. Du kan presentere dei munnleg eller levere ein skriftleg forskingsrapport.
Ung kvinne viser frem statistisk framstillling i form av kake- og søylediagram på ein skjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit forskingsprosjekt må formidlast klart og oversiktleg. Dette kan du gjere på fleire ulike måtar, men det er mest vanleg å levere ein forskingsrapport eller ha ein munnleg presentasjon. Du kan òg gjere begge delar.

Ein forskingsrapport er ei skriftleg framstilling av forskingsprosjektet. Han må vere sakleg, ha ein klar struktur og innehalde ei liste over litteratur og relevante vedlegg.

Ein forskingspresentasjon er ei munnleg formidling av forskingsprosjektet. For å illustrere resultata for tilhøyrarane og gjere det lettare å følgje med er det vanleg å bruke PowerPoint eller eit anna presentasjonsverktøy. Det kan òg vere lurt å øve deg på presentasjonen på førehand.

Forskingsetikk

  • Du må presentere resultata sakleg og nøyaktig. Du må òg ta med viktige opplysningar som ikkje passar med konklusjonen.
  • Du må gi opp kjelder og referansar. Det gjer det lett for andre å finne ut kvar du har informasjonen din frå. Viss du bruker andre sine idear eller tekstar utan å oppgi kjelder, blir det sett på som juks.
  • Som forskar bør dele kunnskapen din og gi noko tilbake til samfunnet du har forska på. Viss du til dømes har studert ein skuleklasse, kan du presentere resultata for dei. Viss du har intervjua nokon, kan du sende dei forskingsrapporten.
Elevar jobbar saman i eit klasserom. Fire elevar i forgrunnen av biletet. To av dei viser to andre elevar kva dei held på med på dataskjermen. Foto.

Struktur

Det finst ulike måtar å strukturere ein munnleg eller skriftleg presentasjon av forskingsprosessen, og du må tilpasse presentasjonen din prosjekt. Her finn du eit forslag til disposisjon og ei liste med dei viktigaste punkta du burde ha med.

1. Tittel og innleiing

Tittelen skal beskrive innhaldet i forskingsprosjektet samtidig som han helst skal vekke interesse. I innleiinga bør du presentere problemstillinga og grunngi kvifor ho er spennande og fagleg relevant. Du burde òg avgrense problemstillinga og presentere og grunngi eventuelle hypotesar og underproblemstillingar.

2. Presenter relevant teori og tidlegare forsking

Dei aller fleste forskingsprosjekta byggjer vidare på faglege teoriar og tidlegare forsking. Det er problemstillinga di som avgjer kva slags teori og forsking du eventuelt skal bruke. Viss det er relevant å presentere teoriar eller tidlegare forsking, må du beskrive kvifor det er relevant, og korleis det kan belyse problemstillinga di. Du kan òg trekkje inn dette seinare i presentasjonen, når du skal drøfte resultatet av undersøkinga.

3. Beskriv og grunngi forskingsopplegget

Beskriv kvart steg i forskingsprosessen sakleg og nøyaktig.

  • Kva metode har du valt?
  • Korleis har du valt forskingsutval?
  • På kva måte har du gjennomført innsamlinga av data?

Bruk problemstillinga di til å grunngi vala. Kvifor kan forskingsopplegget du har valt, gi eit godt svar på problemstillinga?

Du kan òg peike på ulike forskingsetiske utfordringar ved forskingsopplegget, og du kan diskutere eventuelle feilkjelder som kan ha påverka prosessen.

Ark med ulike tabellar, søyle- og linjediagram. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

4. Presenter og drøft resultata

Presenter resultata frå undersøkinga på ein klar og tydeleg måte. Grunngi resultata ved å vise til datamaterialet. Viss du har gjennomført eit kvalitativt forskingsprosjekt, kan du hente ut relevante sitat eller observasjonar frå forskingsmaterialet som døme. Viss du har gjennomført eit kvantitativt forskingsprosjekt, kan du illustrere resultata og datamaterialet med tabellar, grafar og diagram.

Uansett om du presenterer sitat, grafar, tabellar eller diagram, er det viktig at du òg beskriv innhaldet ved hjelp av eigne ord. Du må forklare kvifor og på kva måte dei er relevante for problemstillinga. Sjølv om betydninga av eit sitat kan vere heilt openbert for deg, er det ikkje sikkert at det er openbert for lesaren.

Det vil alltid finnast ulike måtar å tolke resultata frå ei undersøking. Det er derfor viktig at du drøftar ulike tolkingar opp mot kvarandre – gjerne ved hjelp av ulike teoretiske perspektiv og tidlegare forsking. Viss du ikkje tidlegare har diskutert forskingsetiske utfordringar og feilkjelder som kan ha påverka resultatet, kan du òg gjere det i denne delen.

5. Avslutning

I avslutninga skal du ikkje presentere noko nytt, men oppsummere dei viktigaste resultata av undersøkinga. Du kan òg bruke oppsummeringa til å seie noko om kva det kan vere aktuelt å forske vidare på.

6. Litteraturliste og vedlegg

I litteraturlista skal du ha med alle kjeldene du har brukt i undersøkinga, til dømes artiklar, statistikkar eller fagbøker. I vedlegga skal du leggje ved det datamaterialet du har samla inn og brukt i undersøkinga. Det kan vere observasjonslogg, lister over kvalitative kjelder, intervjuutskrifter, spørjeskjema og resultat frå spørjeundersøkingar.

Ei jente smiler mens ho held eit stort bilete. I bakgrunnen klappar ei eldre kvinne i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme på forskingsrapportar

Her er nokre døme på forskingsrapportar skrive av elevar i vidaregåande skule i samband med Holberg i skulen. Forskingsrapportane ligg som PDF.-fil nedst i artikkelen. Dei kan gi deg gode tips til korleis du sjølv kan formidle forskingsprosjektet ditt.

  • Diskriminering i arbeidslivet. Eit kvalitativt forskingsprosjekt med intervju om diskriminering i arbeidslivet.
  • Når litt surdeig gjennomsyrer hele deigen. Eit kvalitativt forskingsprosjekt basert på djupneintervju om felleskapet i Jehovas vitne.
  • Livet med gullbilletten. Eit kvalitativt forskingsprosjekt basert på djupneintervju om moglegheiter og utfordringar for unge vaksne som kom åleine til Noreg som mindreårige.
  • Venteromskultur. Eit kvalitativt og kvantitativt forskingsprosjekt basert på feltarbeid og spørjeskjema om venteromkultur.
  • Lego – en bremsekloss for likestilling. Eit kvalitativt forskingsprosjekt basert på deltakande observasjon om kjønnsstereotypiske leikar.
  • De usynlige innvandrerne. Eit kvalitativt forskingsprosjekt basert på intervju om korleis det er å flytte tilbake til Noreg etter å ha vore mange år i utlandet.
  • Trivsel og læringsmiljø i store og små klasser. Eit kvantitativt forskingsprosjekt om forskjellar i læringsmiljø i store og små klassar.

Filer


Relatert innhald

Kjelder

Andersen, G. (2008). Forskingsrapporten. NDLA. Henta frå https://ndla.no/nn/subjects/subject:19/topic:1:195989/topic:1:195829/resource:1:57136

Grønmo, S. (2004). Samfunnsvitenskaplige metoder. Bergen: Fagbokforlaget.

Holberg i skulen. (u.å.). Tidligere prosjektoppgaver. Henta frå https://holbergprisen.no/nb/holbergprisen-i-skolen/tidligere-prosjektoppgaver

Mjølvær, K. (2014). Forskning for forskerspirer. Henta frå https://holbergprisen.no/sites/default/files/2019-11/forskning2<n><acr>0for2<n><acr>0forskerspirer2<n><acr>02019_ALT_mindre.PDF

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2020

Læringsressursar

Å jobbe med forskingsoppgåve