Kjeldeval og kjeldekritikk
Før du går i gang med ei undersøking, må du finne relevant faglitteratur og bakgrunnsinformasjon om emnet og problemstillinga. Jo betre fagkunnskap du har om emnet, jo lettare vil det vere å utforme ei god undersøking og drøfte resultata på ein fagleg relevant måte.
Ein naturleg stad å starte for å finne fagkunnskap er læreboka og nettsidene til NDLA i sosiologi og sosialantropologi. Her finn du kvalitetssikra informasjon som er relevant for læreplanen i faget.
Du kan òg få råd og tips frå læraren din om kvar du kan finne relevante kjelder og relevant teori. Det kan vere spesielt lurt å spørje læraren din om kva teori du kan bruke for å belyse problemstillinga di. For å finne relevant teori og fagstoff kan du òg sjekke artiklar og lærebøker i sosiologi eller sosialantropologi som skriv om temaet. Treng du hjelp til å finne fram til desse artiklane og bøkene, kan du spørje bibliotekaren på skulen eller det lokale biblioteket ditt.
Tips: Bruk kunnskapen du får om emnet ditt til å finne meir presise søkjeord og innsnevre søket ditt. Finn du ein relevant artikkel, kan du bruke kjeldetilvisingane i han til å søkje vidare.
Søkjetips på nett
Når du skal søkje etter relevant fagstoff på nett, er det viktig at du vel ut dei riktige søkjeorda. Jo meir presise søkjeord du bruker, jo meir relevante treff får du.
Slik søkjer du etter informasjon på nett:
- Ikkje søk på sjølve problemstillinga, men bruk søkjeord.
- Vel sentrale søkjeord. Tenk på det du skal undersøkje og spør deg sjølv kven, kva, kvar og når? Formuler svaret med enkeltord. Til dømes "ungdommar, rusmiddel, Trondheim, 2020". Bruk gjerne fagomgrep og emneord.
- Prøv deg fram med ulike emneord og synonym. I staden for "sosiale avvik" kan du til dømes søkje på "normbrot."
Bruk avansert søk på Google for å finne endå meir relevant info og lær meir om kjeldesøk på Søk & Skriv.
Det kan vere utfordrande å navigere blant hundrevis eller tusenvis av søkjeresultat og lange forskingsrapportar eller dokument på nett. Ver på utkikk etter informasjon frå anerkjende forskingsinstitutt, universitet og høgskular av eller med samfunnsforskarar. Skumles ingressen eller innleiinga for å finne ut om noko er relevant og bruk innhaldslista og menyane i dokumentet eller på nettsida til å finne fram til det som er viktigast for nettopp di undersøking.
Det finst mykje informasjon, men ikkje alt er like påliteleg. Derfor er det viktig å vere kritisk til dei kjeldene du finn og alltid bruke fleire ulike kjelder for å stadfeste at den informasjonen du har funne, verkeleg stemmer.
Viss du til dømes bruker ein artikkel frå Wikipedia, så veit du ikkje kven som har skrive artikkelen. Det kan vere ein person som ikkje verkeleg kjenner til tema eller medvite prøver å vinkle informasjonen. Derfor bør du dobbeltsjekke informasjonen med til dømes Store norske leksikon (SNL).
Informasjonen frå SNL og forskingsinstitusjonar er kvalitetssikra. Det vil seie at dei er skrive av ekspertar og fagfolk med relevant kompetanse og/eller vurdert av ekspertar på området og sjekka for eventuelle feil og manglar.
Når du skal vurdere informasjon du finn på nett, kan du bruke TONE-strategi for kjeldekritikk og sjekke om kjelda er:
- Truverdig (T) Kven er avsendar? Står det kven som er forfattar, og finn du kontaktinformasjon til dei som står bak nettsida?
- Objektiv (O) Er kjelda nøytral og upartisk, eller har forfattaren eller organisasjonen som står bak nettsida spesielle interesser som påverkar informasjonen dei presenterer?
- Nøyaktig (N) Er informasjonen du finn oppdatert, nøyaktig og presis? Kor gammal er informasjonen? Finn du skrivefeil eller andre unøyaktigheiter, bør du bli mistenksam. Oppgir sida eigne kjelder så du kan sjekke kvar dei har informasjonen frå?
- Eigna (E) Passar kjelda til ditt bruk? Er informasjonen relevant? Kven er målgruppa? Viss målgruppa er forskarar, er teksten kanskje for avansert, viss målgruppa er elevar på grunnskulen er teksten kanskje for enkel.
På Kildekompasset kan du finne meir informasjon om kjeldekritikk og ei meir detaljert sjekkliste for å vurdere ulike kjelder.
Tips: Bruk kunnskapen du har samla om tema til å vurdere problemstillinga di på nytt. Kan ho gjerast endå meir spissa, fagleg relevant og spennande?
Hugs at det ikkje alltid er om å gjere å finne mest mogleg objektiv og påliteleg informasjon når du studerer eit samfunnsfenomen. Av og til kan det vere eit poeng å finne døme på subjektive meiningsytringar og vinkla informasjon.
Viss du til dømes skal studere kommunikasjon blant høgreekstreme ungdommar på nett, kan enkeltdøme frå høgreekstreme bloggar og kommentarfelt gi deg eit interessant innblikk i tema. Det er likevel viktig at du behandlar dette som einskildståande døme og ikkje bruker dei til å seie noko generelt om det høgreekstreme miljøet i Noreg. For å finne ut om enkeltdøma er representative for det høgreekstreme miljøet, må du finne relevant forsking på dette temaet frå ei nøytral kjelde eller forske vidare sjølv.
Kjeldereferansar og kjeldetilvisingar
Hugs at du alltid må oppgi kva kjelder du bruker i forskingsprosjektet ditt, elles kan du bli teken for juks. I artiklane under finn du ei oversikt over korleis du kan oppgi kjelder på riktig måte.
Relatert innhald
Sitatretten i åndsverklova §22 gir deg rett til å sitere frå kjelder i eige arbeid og plikt til å føre opp referansar til kjeldene.
Om korleis du lagar og flettar inn kjeldetilvisingar i ein fagtekst med referansestilen APA 7.
Overland, J.A. (2018, 26 oktober). TONE - Strategi for kjeldekritikk. Henta frå https://ndla.no/nb/subjects/subject:ee3f7a15-feb6-4e78-8b37-65930ad73a09/topic:ffe4b637-1789-44fc-9c7e-ff69fd41652f/resource:1:169741