Oppgåve
Lag ei problemstilling
Det kan vere utfordrande å finne og bestemme seg for ei problemstilling. Skriv deg fram til ei god problemstilling og vurder styrkar og svakheiter ved dine eigne og andre sine problemstillingar.
Bruk vurderingsskjemaet for problemstillingar og svar på spørsmåla.
Filer
Bruk skjemaet for å vurdere desse problemstillingane henta frå temaet sosiale avvik. Oppsummer til slutt svara i plenum.
- Kva for nokre ulike former for straff har vi i Noreg?
- Fungerer straff?
- Kvifor bruker ungdom på skulen min illegale rusmiddel?
- Bør vi straffe folk i Noreg strengare?
I denne oppgåva skal de lage eigne problemstillingar og vurdere dei saman i par og større grupper.
- Lag fire ulike problemstillingar på eiga hand.
- Sett dykk i par og vurder problemstillingane til kvarandre ved hjelp av vurderingsskjemaet.
- Bli samde om to problemstillingar som de er fornøgde med og gå saman med eit anna par.
- Diskuter problemstillingane de har valt ut ved hjelp av vurderingsskjemaet. Kva for nokre sterke og svake sider finn de ved dei ulike problemstillingane?
- Bli til slutt samde om ein eller to problemstillingar de meiner er gode og presenter dei for resten av klassen saman med ei kort grunngiving.
Flyum, K.F. (2008) En praktisk innføring i femavsnittsmetoden. I UiO (2008) Skriving i alle fag (hefte). Henta frå https://www.uv.uio.no/ils/forskning/prosjekter/fager/publikasjoner/0806-skriving-i-alle-fag.PDF