Hopp til innhald

Fagstoff

TONE - strategi for kjeldekritikk

Når du skal vurdere kvaliteten på den informasjonen du finn på Internett, bør du tenkje som ein detektiv. Gå på jakt etter spor, still spørsmål og ta omsyn til motiva til dei som har publisert informasjonen. Ikkje stol på nokon før du har funne ein god grunn til det!

Det er veldig lett å gå seg vill på Internett. TONE står for fire viktige nøkkelord som du kan bruke når du skal vurdere ei informasjonskjelde:

  • Truverdig: Er kjelda sikker?
  • Objektiv: Er kjelda nøytral?
  • Nøyaktig: Finn du slurv og juks?
  • Eigna: Kan du finne dei svara du treng?

Du kan spørje slik: Toler kjelda mi TONEs kritiske auge? Om du kan svare JA på det spørsmålet, kan du vere sikker på at kjelda har god informasjon om det du treng å vite for å kunne svare på oppgåva di.

Truverdig

Om du slår opp i ei ordbok, finn du at truverdig er det same som ærleg, sikker, påliteleg. Når du har ei bok eller ei nettside som du vil bruke i oppgåva di, er det viktig å vite at du kan stole på den informasjonen du finn der.

  • Kven er forfattaren?
    I ei bok er det lett å sjå kven som er forfattaren. Namnet vil stå på omslaget og på den første sida. På ei nettside er det ikkje alltid like lett. Ofte finn vi ikkje noko namn i det heile.
  • Kven er sendaren?
    Hald deg til kjende nettadresser! Ei side som du kjenner opphavspersonen til, er lettare å vurdere enn ei side med ukjend kjelde. Finn du namnet på forfattaren eller kva organisasjon som står bak informasjonen, kan du trygt gå vidare.
  • Kven står bak sida?
    Er det så andre verktøy som kan hjelpe deg i den vidare kjeldekritiske prosessen? Du kan bruke ein Whois-database som leitar gjennom det som står registrert på eit domenenavn. Norske domene er registrerte i Norid.

Objektiv

Kva er det å vere objektiv? Om du ser i ei ordbok, vil du finne ord som upartisk, fordomsfri og røyndomsnær. Å vere objektiv vil seie at ein forsøkjer å vere nøytral, at ein ikkje har eit bestemt synspunkt som ein prøver å overtyde nokon om. Det kan vere vanskeleg både å vere objektiv og å vurdere om andre er det, særleg dersom vi er einige i det kjelda seier.

Korleis kan du avgjere om informasjonskjelda du har funne, er objektiv eller partisk? Det kan du finne svar på ved å spørje:

  • Kva var føremålet til forfattaren då ho eller han skreiv denne teksten?
    Er føremålet å overtyde deg om noko? Mange forsøkjer å overtyde andre om at det dei meiner, er det einaste rette. Då har forfattaren teke eit standpunkt til noko. Heimesidene til politiske parti vil forsøkje å overtyde deg om at politikken deira er den beste løysinga for samfunnet. Også religiøse grupper eller ideelle organisasjonar vil ha innhald på sidene sine som vil prøve å overtyde lesaren om at deira røyndomsoppfatning er sanninga.
  • Er føremålet å informere deg på ein nøytral måte?
    Det er også mange nettsider som forsøkjer å framstille ei sak frå ulike sider. Alle synspunkt har ein motsats! Om du skal skrive ei oppgåve eller førebu ei munnleg framføring om eit tema, må du forsøkje å finne fleire synspunkt på det temaet du skal jobbe med. Dermed får du fram drøfting i oppgåva di, og resultatet blir mykje betre.
  • Stemmer innhaldet med noko du veit frå før?
    Som oftast veit du noko frå før om det du skal skrive om. Du har høyrt noko, sett noko eller lese noko som gjer at du har ei førestilling om emnet. Når du finn ei informasjonskjelde, er det lurt å tenkje gjennom korleis det du les, passar med det du veit frå før: Er dette nytt for meg, eller kjenner eg att det ho seier?

Nøyaktig

At noko er nøyaktig, vil seie at det er på ein prikk likt eller at noko stemmer overeins med det verkelege, for eksempel «ein nøyaktig kopi». Å vere nøye tydar dermed at ein er grundig og pirkete, at ein ikkje slurvar eller hoppar over noko. Nøyaktigheit handlar om kor detaljert og presis kjelda di er.

Slik kan du sjekke at ein forfattar eller ein nettstad har høg grad av nøyaktigheit:

  • Finn du skrivefeil eller anna slurv?
    Om du finn skrivefeil eller anna slurv i teksten, er det eit varselsignal om at forfattaren ikkje har vore særleg nøyaktig. Dei fleste PC-ar har retteprogram, så det er enkelt å få retta skrivefeila sine. Om han eller ho ikkje har gidde å rette skrivefeila sine, då er det ekstra viktig å undersøkje om dei har gidde å sjekke den informasjonen dei har lagt ut.
  • Når vart kjelda sist oppdatert?
    At ei nettside er «oppdatert», tyder at nokon med rettar til sida har vore innom. Ein treng ikkje redigere eller gjere endringar for at ei side skal vere oppdatert, det vil berre seie at ein av eigarane eller forfattarane har lagra henne på nytt. Om ei side bør vere oppdatert heilt nyleg eller ikkje, kjem an på kva oppgåva di er.
  • Oppgir forfattaren eller nettstaden kjeldene sine?
    Når du skriv ei oppgåve, skal du alltid oppgi kva kjelder du har brukt, kor du har henta informasjonen frå om det du skriv. Dette gjeld også for forfattarar som skriv fagbøker eller lagar fagnettsider. Når du skal sjekke kor nøyaktig ei kjelde er, må du sjå etter om dei har oppgitt kjeldene sine. Om ein forfattar tek avskrift av ein annan forfattar og utgir det som sitt, heiter det «plagiat». Om du som elev leverer ei oppgåve som du har kopiert av ein annan, kallar vi det juks.

Eigna

Når du skal sjekke kor eigna ei kjelde er, sjekkar du om ho passar til det du skal bruke henne til.

  • Kven er målgruppa?
    Kven er det forfattaren har hatt i tankane når han eller ho har laga nettsida? Er det elevar på vidaregåande eller studentar? Eller folk flest som ikkje er ekspertar på emnet? Er innhaldet og språket for vanskeleg? Eller er det for enkelt?
  • Passar kjelda til føremålet?
    Skal du halde ei fem minutts munnleg framføring om eit emne, treng du korte og oversynlege kjelder. Skal du skrive ei større innleveringsoppgåve over fleire sider, treng du kjelder som går meir i djupna.
  • Er kjelda lett tilgjengeleg?
    Nokre gonger kan det vere vanskeleg å finne fram på ei side sjølv om innhaldet ikkje er så komplisert. Kan du eventuelt spørje nokon om hjelp til å finne fram, eller bør du finne ei side som er lettare tilgjengeleg?

Relatert innhald

Når du gjer nettsøk, kan du bruke strategiar for navigasjon og bruk av søkjeord, du kan planleggje og dokumentere søk, og du kan bruke lesestrategiar.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2018

Læringsressursar

Kjeldebruk og kjeldetilvising