Hopp til innhald
Fagartikkel

Megatrendar i handelsnæringa

Handelen er i endring. Kundane vil ha det enkelt, bli engasjerte og få ei god, personleg oppleving. Ny teknologi kan frigjere tid hos dei tilsette og skape mange moglegheiter, mellom anna for betre betalingsløysingar.

Kvart år held amerikanske National Retail Federation (NRF) sitt såkalla Big Show, ein stor årleg konferanse med messe der nesten 35 000 deltakarar er innom. Her diskuterer handelsbransjen dei nyaste trendane, den nyaste teknologien og kva vi vil sjå meir av i åra framover.

Ein del av dei neste megatrendane vi forventar å sjå i Noreg, er allereie svært tydelege i USA og Kina. Éin trend er at nettselskap som Amazon og Alibaba veks. På NRF-konferansen i 2020 blei i tillegg den nye rolla til den fysiske butikken trekt fram som ein av dei aller største trendane.

Handelsbransjen står overfor store endringar

Måten handel blir driven på, kjem til å sjå heilt annleis ut om nokre år. Den viktigaste årsaka til det er at kundane endrar handlemønsteret sitt.

Den fysiske butikken vil framleis spele ei veldig viktig rolle, men vil få ein ny funksjon i tida som kjem. Fysiske butikkar vil fokusere meir på å yte god kundeservice og oppnå god kundedialog ved å engasjere og begeistre kundane.

Vi vil òg sjå fleire popup-butikkar og utstillingslokale som kombinerer fysisk handel og netthandel, i tida framover.

Det heile handlar om å skape gode opplevingar for kundane og gode relasjonar. Kundane må få lyst til å handle hos deg.

Fem hovudtrendar frå NRF Big Show 2020

På NRF Big Show 2020 såg vi fem tydelege trendar som kan vere gode indikatorar på kva norsk handel vil oppleve i åra framover: Det blir viktig å byggje lojalitet, skape gode kundeopplevingar, bruke kunstig intelligens, vere innstilt på at den fysiske butikken vil få ei ny rolle, og skape nye forretningsmodellar og plattformer for samarbeid.

  1. Verdiar byggjer lojalitet. Forbrukarane stiller stadig høgare krav til at butikkane skal bidra tilbake til samfunnet. 60 prosent av forbrukarane i generasjon Z, dei som er fødde mellom 1995 og 2015, vurderer dei etiske verdiane til butikkane før dei handlar.

  2. Å skape gode kundeopplevingar blir ekstremt viktig for å overleve i ein tøff konkurranse. Kundeundersøkingar viser at 42 prosent ikkje kjem tilbake til ein butikk dersom dei har hatt ei negativ oppleving med ein tilsett der. Heldigvis er det 86 prosent som seier at dei ville betalt ekstra for betre kundeopplevingar (kjelde: Customers 2020: A Progress Report).

  3. Kunstig intelligens (AI) har opna ei rekkje nye moglegheiter for handelsbransjen. AI gjer det til dømes mogleg for kundar å prøve på klede virtuelt og å sjå korleis ulike møblar passar inn i deira eiga stove, ved hjelp av mobilkameraet. Men kunstig intelligens kan brukast til mykje meir. Dei viktigaste formåla AI kan brukast til, er til å planleggje verdikjeda, til å føresjå etterspurnad, til å samle og behandle kundedata, til marknadsføring, til reklame- og kampanjeplanlegging og til forretningsdrift med prissetjing og utforming av tilbod.

  4. Den fysiske butikken får ei ny rolle. Netthandel og den fysiske butikkens død har lenge vore store tema i bransjen. Kjem alle fysiske butikkar til å vere borte i løpet av det neste tiåret? Nei, seier bransjen. Den fysiske butikken vil bestå, men få ei ny rolle.

  5. Nye forretningsmodellar og samarbeid er det nye konkurransefortrinnet. I eit stadig tøffare klima er spisse olbogar og knallhard konkurranse ut. Dei som skaper gode samarbeidsavtalar, vil stå igjen som vinnarane. Orkla har til dømes inngått samarbeid med kinesiske Alibaba, som i hovudsak sel tran til den kinesiske marknaden, mens Ikea har inngått samarbeid med TaskRabbit (ein nettbasert marknadsplass for småjobbar og tenester) i USA for å kunne tilby kundane sine å få møblane skrudd saman idet dei handlar.