Hopp til innhald
Oppgåve

New Retail?

Det dukkar stadig opp nye ord og uttrykk i handelsnæringa. Nokre av nyorda er norske, men ein heil del av dei er engelske ord og uttrykk som kjem inn i det norske språket. Men kva betyr eigentleg alle dei nye orda og uttrykka?

Oppgåve

I denne oppgåva har vi plukka ut nokre moderne ord og uttrykk som har dukka opp i handelsnæringa dei siste åra. Det er nokre norske ord, men dei fleste er på engelsk. De skal forklare kva orda tyder, og gi døme på korleis dei blir brukte i verkelegheita.

Del 1: Forklar ord og uttrykk

  • Del klassa i fire grupper.
  • Kvar gruppe får ein bolk med ord som dei skal forklare og illustrere.
Ord til gruppe 1: A–D

Adwords

API

Beacons/nettvardar

Big Box-butikkar

Big Data

Bopis

Bruttoforteneste

Cookie

Click & Collect

Customer Relationship Management (CRM)

Dark Store

Disruptiv innovasjon

Distribusjonshub / Micro Fulfillment Centre

Distribusjonssenter (DC)

Drop Shipping

Ord til gruppe 2: E–L

Earned Media

Effektmåling

EDI

Endless Aisle

Enterprise Resource Planner

Franchise

GDPR

Geotargeting

IoT

Key Opinion Leader (KOL) / Key Opinion Consumer (KOC)

Kontaktlaus betaling

Klikkrate

KPI

Lagringskostnad

Last Mile

Ord til gruppe 3: M–R

Machine Learning

Mobile First

New Retail

Omnikanal / Unified Commerce

One-Stop-shop

Order Management Systems (OMS)

Out Of Stock (OOS)

Pop-Up Store

Product Life Cycle (PLC) / livssyklusen av produktet

Point-of-Sales (POS) System

Prosumer

QQ

QR-kodar

Restordre

RFID

Ord til gruppe 4: S–W

Sjølvbetent butikk

Servicegrad

Social Commerce

Stock-Keeping Unit (SKOD) / vareeining (VE)

Store Management System (SMS)

Strekkodar

Teknisk gjeld

Teknologisk økosystem

Transport Management System (TMS)

Ukurant varelager

Varereisa

Virtual Reality

Warehose Management System (WMS)

Wearable Technology

  • Bruk nettet til å finne informasjon om orda. Skriv ordforklaringar med dykkar eigne ord, og bruk så langt som mogleg døme frå dykkar eiga verkelegheit.
  • Skriv ordlista i eit dokument, og set ho opp på same måte som i ei ordbok.

Del 2: Gjettekonkurranse

  • Når alle gruppene har skrive ferdig ordlista si, er det gjettekonkurranse.
  • Den gruppa som får flest riktige, vinn og kan smykke seg med tittelen " Champions of New Words".
Tips til korleis gjettekonkurransen kan gjennomførast

Gruppe 1 tek med seg ordlista si opp til tavla. Éin frå gruppa deler tavla opp i 4 delar, éin del for kvar gruppe, og har ansvaret for å setje ein strek kvar gong nokon i klassa svarer riktig.

Ein annan i gruppa les opp eit ord, og resten av klassa gjettar kva det tyder. Elevane rekkjer opp handa og seier namnet sitt og kva gruppe dei er på, til dømes "Pia, gruppe 3". Dersom svaret er riktig, får gruppa ein strek på tavla. Det er om å gjere å ha flest strekar når alle gruppene har vore gjennom ordlista si.

Når gruppe 1 har gått gjennom orda sine, held gruppe 2 fram, så gruppe 3 og til slutt gruppe 4.

Alternativt kan de gjennomføre gjettekonkurransen meir som ein quiz der elevane diskuterer gruppevis og avleverer eit felles svar frå gruppa.

Del 3: Lag ei e-ordbok

  • Kvar gruppe lagar ei e-bok med ei alfabetisk oversikt over orda sine med tilhøyrande forklaringar og døme.
  • Kall bøkene til dømes "A–D in New Retail", "E–L in New Retail", osb.
Lag ei e-bok

De kan bruke Canva til å lage e-bøker. Sjå korleis på canva.com.

Kjelde


Driw (u.å.). New Retail – en ordliste for å forstå alle begrepene. Henta frå https://f.hubspotusercontent00.net/hubfs/5404305/pdf-er/driw2\\0New2\\0Retail2\\0Ordliste2.PDF