Hopp til innhald

Fagstoff

Bransjegliding

Bransjegliding er ein av dei sterkaste trendane i handelsnæringa. Bransjegliding vil seie at fleire kjeder sel produkt frå fleire ulike bransjar, slik at skiljet mellom bransjane sakte blir viska ut.
Kollasj med bilder fra varesortimentet hos en stor kjede. 16 forskjellige bilder viser alt fra skruepakker og barneleker. Foto.

Jula, Rusta, Biltema og Europris er døme på kjeder som tilbyr produkt i mange ulike kategoriar. Dei har eit breitt vareutval og veks ved å hente inn varer frå fleire ulike bransjar, til dømes sportsutstyr, leiker, daglegvarer, elektronikk, kjøkkenutstyr og byggjevarer.

Også apotekkjedene har lykkast med bransjegliding. Dei har hatt stor vekst som følgje av at dei òg sel kosmetikk og andre varer som ikkje er legemiddel. Dermed hentar dei omsetning frå faghandelen innanfor kosmetikk og daglegvarer.

Apoteka har ikkje hatt så stor grad av netthandel tidlegare, men koronapandemien har endra handlevanane til nordmenn innanfor denne varekategorien òg. Apotekkjedene har eigne nettbutikkar, men må òg konkurrere med Farmasiet.no, som er Noregs største nettapotek. Farmasiet.no sender både legemiddel på resept, reseptfrie legemiddel og handelsvarer til heile Noreg.

Vi kan seie at den tradisjonelle bransjeinndelinga i varehandelen blir svekt, og dette gjeld òg innanfor netthandelen.

Kolonial.no + Clas Ohlson = sant

Eit anna døme på bransjegliding er samarbeidet mellom Kolonial.no og Clas Ohlson. Dei starta samarbeidet hausten 2019, basert på ein idé om "å tilby kunden dingser og blingser levert sammen rett hjem på døren". Det har blitt ein stor suksess, og kvar tiande handlekorg frå Kolonial.no inneheld òg varer frå Clas Ohlson. Framover vil Clas Ohlson fortløpande auke sortimentet på Kolonial.no.

Stine Trygg-Hauger, administrerande direktør i Clas Ohlson, seier i ei pressemelding:

Tilgjengelighet og service er fokusområder for Clas Ohlson. Derfor er samarbeidet med Kolonial.no et viktig strategisk samarbeid for oss som vi gleder oss til. Vi kommer nærmere flere kunder og øker tilgjengeligheten på våre produkter. Det vi tilbyr, passer godt inn i handlekurven sammen med melk og brød fra Kolonial.no. Det å få matvarene levert hjem på døra forenkler hverdagen betydelig, og enda bedre blir det når dingser fra Clas Ohlson kommer i samme handlepose.


Kjelde


Mynewsdesk. (4. september 2019). Clas Ohlson-dingsar i handlekurven hos Kolonial.no. Henta 11. januar 2021 frå https://www.mynewsdesk.com/no/clas-ohlson-norge/pressreleases/clas-ohlson-dingser-i-handlekurven-hos-kolonial-dot-no-2913471

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2023

Læringsressursar

Trendar i handelsnæringa