Verdas største varehandelsmesse
Er du på jakt etter inspirasjon, råd og kunnskap om trendar og kva som kan gjere deg til førstevalet for kundane, er Big Show staden å vere. Messa har årleg over 35 000 besøkjande og 800 utstillarar frå 100 land, som kjem for å vise fram det siste nye innanfor innovasjon, teknologi og produkt i varehandelen. Messa er viktig også for den norske handelsnæringa med tanke på å halde seg oppdatert på nye trendar, ny teknologi og andre nyheiter i bransjen.
Når det gjeld trendar som vil ha stor innverknad på handelsnæringa framover, blei særleg desse trekte fram på messa i 2020:
- kundedriven utvikling i alle ledd (skreddarsaum)
- kostnadseffektive løysingar for levering til kunden
- ei smartare verdikjede
- kunstig intelligens (AI), maskinlære, automatisering og 5G
- Instagram-augneblinkar (ekstraordinære kundeopplevingar)
- bruktleige og bruktsal (kjem meir og meir også i butikkane)
- opplevingar, opplevingar og opplevingar
Ver merkevara
Kunde- og medarbeiderdriven utvikling i alle ledd blir viktig i tida framover. Merkevarer blir skapte gjennom kundeopplevingar. Dei tilsette som har kundekontakt og kundekompetanse, blir involverte i større grad enn før i arbeidet med å forbetre kundereisa. Dette kan bli heilt avgjerande for omdømmet og merkevarebygginga til eit selskap. Det gjeld å "vere merkevara" – eller be the brand, som det heiter på engelsk.
Nye butikkmodellar – med Amazon Go som døme
Amazon Go er ein ny type sjølvbetente, kasselause storkioskar der kundane registrerer seg med ein QR-kode i ein app idet dei går inn. Når dei har handla det dei vil, kan dei berre gå ut av butikken utan at dei treng å skanne varene. Varene har blitt automatisk registrerte av sensorar og kamera, og kundane får ei kvittering i appen etter at dei har forlate butikken.