Hopp til innhald
Oppgåve

Moderniser ein lokal butikk!

Er det nokon butikkar i nærområdet som du synest er litt utdaterte? Sjå om du kan gi dei nokre forslag til korleis dei kan modernisere butikken sin.

Mange butikkar heng ikkje heilt med på dei nyaste trendane i handelsnæringa. I denne oppgåva skal du undersøkje butikkane på heimstaden din, og kome med forslag til korleis dei kan oppdatere seg.

Oppgåve – i par

Utstyr: penn, papir og mobiltelefon

  • Gå saman to og to. Ta med dykk penn, papir og ein mobiltelefon, og gå ein runde for å sjå på dei ulike butikkane i nærmiljøet.
  • Vel ut ein butikk de synest kan trenge litt hjelp til å bli meir oppdatert på trendane.
  • Presenter dykk høfleg og fortel om skuleoppgåva de jobbar med. Spør fint om det er greitt at de noterer kva som kjenneteiknar butikken, og kven målgruppa er, og be om lov til å ta bilete til oppgåva.
  • Når de kjem tilbake til skulen, så sit saman og gå gjennom informasjonen de fann.
  • Undersøk på nettet om butikken har

    • ei nettside
    • sider i sosiale medium
    • ein nettbutikk
  • Undersøk korleis andre, liknande butikkar presenterer seg på nettet, og bruk dette til inspirasjon.
  • Diskuter kva endringar butikken kan gjere, både fysisk og på nettet, for å oppdatere seg på trendane og målgruppa.
  • Lag ein "før og etter"-presentasjon av butikken med bilete og tekst, og presenter endringsforslaga dykkar for klassa. Vel verktøy sjølve.
  • Få tilbakemeldingar, og juster eventuelt forslaga dykkar basert på tilbakemeldingane.
  • Undersøk om butikken vil ha eit møte med dykk der de presenterer forslaga dykkar.
Jone Nyborg frå NDLA gir nokre enkle råd til deg som skal halde ein presentasjon. Video: NDLA / CC BY-SA 4.0

Relatert innhald

Fagstoff
Nye handlevanar

Skiljet mellom handel i fysiske butikkar og netthandel har blitt mindre tydeleg dei siste åra. Dette får konsekvensar for distribusjonen av varer.