Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Det nye butikkonseptet ditt

Du drøymer om å starte din eigen butikk. Vis korleis trendane påverkar butikken din, ved å lage ei skisse for konseptet ditt.
Hovudet på ei utstillingsdokke med solbriller. Foto.

Oppgåve 1 – individuelt

Utstyr: plakatar, lim, saks, tusjar

  • Bestem sjølv kva slags butikk du vil starte.
  • Vel ein av trendane nedanfor som utgangspunkt for butikken din.
Trendar
  1. Forbrukarane stiller stadig høgare krav til at butikkane skal bidra tilbake til samfunnet.
  2. Å skape gode kundeopplevingar har blitt ekstremt viktig for å overleve i ein tøff konkurranse.
  3. Kunstig intelligens gjer at det opnar seg ei rekkje heilt nye moglegheiter for handelsbransjen.
  4. Den fysiske butikken vil bestå, men vil få ei ny rolle.
  5. Samarbeid er det nye konkurransefortrinnet.

Les meir om dei fem trendane i den relaterte ressursen nedst i artikkelen.

  • Illustrer konseptet ditt på ein plakat, med tekst og bilete.
  • Bruk internett til å søkje etter idear som kan gi deg inspirasjon. Skriv ut bilete som kan illustrere butikkonseptet ditt.
  • Heng den ferdige plakaten på veggen i klasserommet, slik at de kan sjå på kvarandre sine konsept.
Tips til utforming av butikkonseptet

Ta utgangspunkt i den trenden du vel, til dømes at forbrukarane stiller høge krav til at butikkane skal bidra tilbake til samfunnet.

Bruk nettet til å finne det du meiner er gode døme på korleis andre butikkar bidreg tilbake, og korleis du kan gjere det i butikken din.

KID er eit døme på ei bedrift som jobbar med samfunnsansvar. Sjå korleis dei gjer det, på KID samfunnsansvar.

Sofacompany er ein nettbutikk som har utstillingslokale for å få vist fram produkta sine.

Ikea er eit døme på ei bedrift som har teke i bruk AI.

Kolonial.no samarbeider med Clas Ohlson for å kunne gi kundane eit breiare vareutval.

Eit bord der det ligg fargeprøver, materialprøver og ei planteikning for møbleringa av eit husvære. Biletet er teke ovanfrå, og vi ser hendene til dei som sit rundt bordet. Nokre held ein penn i handa, og fleire peikar på dei ulike hjelpemidla på bordet. Foto.

Oppgåve 2 – i klassen

Utstyr: penn og papir

  • Sjå på kvarandre sine plakatar og konsept.
  • Noter ned spørsmål du måtte ha om konsepta til dei andre. Skriv òg ned kva for nokre av dei andre sine idear du liker best.
  • Gå gjennom alle spørsmåla i plenum. Gi kvarandre tilbakemeldingar, og gi ros for gode idear.
  • Gjer gjerne endringar på din eigen plakat etter innspel frå dei andre i klassa.

Lykke til!

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021

Læringsressursar

Trendar i handelsnæringa