Skriftleg oppgåve: Analyser ein dokumentar om kropp
Målet med oppgåva er
å vise at du kjenner til og kan bruke mediefaglege omgrep
å kunne gjere greie for forteljeteknikk og verkemiddel i film
å kunne reflektere over samanhengen mellom form og innhald i ein dokumentarfilm
å kunne beskrive kva som kjenneteiknar ein personleg tekst
å kunne reflektere over korleis medieforteljingar kan skape respekt for at menneske er ulike
Oppgåve 1: Omgrep
Forklar og kom med døme på desse omgrepa:
dokumentar
forteljarposisjon
dramaturgi
filmatiske verkemiddel
tekstanalyse
diskursanalyse
Oppgåve 2: Filmanalyse
Lag ein skriftleg analyse av Margreth Olins personlege dokumentarfilm Kroppen min (2002), som du kan sjå nedanfor.