Hopp til innhald

Fagstoff

Diskursanalyse: diskursiv praksis

Kva er den situasjonsmessige og tekstuelle konteksten til teksten? Her får du eit døme på korleis du undersøker diskursiv praksis i ein diskursanalyse.

I denne gjennomgangen skal vi vise korleis du kan gjere greie for, tolke og forklare diskursiv praksis i ein diskursanalyse av NRK-programmet Newton: "Puberteten – sex og sånn". Sjå episoden før du les analysen.

Diskursiv praksis er eit omgrep diskursteoretikaren Norman Fairclough brukar om forhold rundt produksjon og konsumpsjon (mottaking) av teksten. Situasjonskontekst og tekstuell kontekst er andre omgrep som òg blir brukte om dette nivået av diskursanalysen.

Her ser du eit døme på kva punkt du kan ta for deg i ein slik analyse. Vi har valt ut faktorar rundt avsendar, mottakar og medium som kan ha påverka utforminga av teksten.

Målgruppe og sendar

Avsendaren, NRKs Newton-redaksjon, har uttalt som grunngiving for å lage programmet at dei ser på det som naturleg å opplyse barn òg om denne sida av menneskekroppen og biologien.

Episoden vart send første gong i 2015, men ligg framleis ute på nettsidene til NRK. Målgruppa for programmet er ifølge redaksjonen sjølv barn mellom 8 og 12 år. Tekstproduksjonen er tilpassa denne målgruppa når det gjeld ordval, språkbruk, kameravinkel, musikk, kulissar, programleiarval og tematikk.

Programleiar er ei ung, gravid kvinne som verkar uformell og ungdommeleg. Ho snakkar om seksualitet og kropp på ein direkte og open måte og verkar komfortabel med å bruke både slang og vitskaplege omgrep i framstillinga.

Kameravinkelen er ovanfrå og ned, slik at sjåaren ser ned på den vaksne programleiaren, noko som balanserer maktposisjonen hennar som vaksen mot den yngre sjåaren. Programleiaren ser òg mykje rett i kamera, ho er i augnehøgd med sjåaren, noko som kan signalisere likeverd og tillit i relasjonen. Det stødige blikket stadfestar òg inntrykket av at det å snakke om seksualitet er ein naturleg ting, det er ikkje noko å vere flau over.

Sjanger og medium

Denne teksten er ein sakprosatekst og må oppfylle ein lesarkontrakt om at teksten tek omsyn til verkelegheita på ein påliteleg måte. Barneprogram innan denne sjangeren bruker òg ofte humor for å underhalde i tillegg til å informere.

Då programmet kom ut (2015), var det ikkje mange andre tv-program om temaet seksualitet retta mot barn. Det førre norske programmet av denne typen var serien Kroppen som kom ut i 1981 med programleiar Trond Viggo Torgersen. Han var både medisinsk utdanna og komikar, og han sette ein standard for korleis slike program skal lagast.

Episoden er tilgjengeleg på NRK Supers eige nettområde og app. Han er lett tilgjengeleg for barn som kan sjå episoden åleine på nettbrett, eller på tv-skjermen heime med familien. Han har òg vorte vist i mange klasserom.

Tekstuell kontekst

Episoden er siste episode i ein eigen Newton-serie om pubertet. Dei andre episodane har titlar som "Pupper" og "Guttetiss" og "Jentetiss og mensen". I samanheng med desse verkar teksten tydeleg som endepunktet i eit opplysningsprosjekt om kva som skjer med kroppen i puberteten.

Den tekstuelle konteksten avheng av korleis sjåaren har komme over teksten. Sidan han ligg på nettet, kan andre tekstar på nettet utgjere ein tekstuell kontekst. Barn har lett tilgang til pornografi på nettet, dette er tekstar som har ei svært eksplisitt og lita vitskapleg framstilling av seksualakta. Forsking viser at 60 prosent av norske barn har sett porno før dei fyller 13 år (Medietilsynet, 2020).

Newton-episoden er altså plassert i eit medielandskap han deler med enorme mengder pornografisk materiale. Det kan då verke for "tamt" å bruke illustrasjonar eller metaforar for å framstille seksualitet i dette programmet. Valet om å bruke ekte kjønnsorgan i segmentet om onani kan tolkast i lys av dette.

Samtidig bruker programmet ingen av dei estetiske verkemidla til pornoen, som stiliserte og glattbarberte kjønnsorgan. Programmet posisjonerer seg slik som eit faktabasert alternativ til den lite kvalitetssikra framstillinga av sex som pornoen tilbyr. Dette kjem òg fram i kronikken av redaksjonssjefane Kirsti Moe og Cathrine Simonsen i NRK: "Og ikke minst: Vi er et saklig supplement til det som ellers finnes tilgjengelig for barna på nettet" (Moe & Simonsen, 2015).

Mottaking

Episoden fekk mange positive reaksjonar på at han gav barn open informasjon om seksualitet. Dei negative reaksjonane handla om ønsket om å skjerme dei uskyldsreine barna: reaksjonar på at "vulgære" ord som pule vart brukt, at serien vart vist i skulen, at episoden bidreg til å "fylle opp uskyldige barnesinn med så seksualisert innhold" (Almelid, 2021).

Nokon meinte det var problematisk at barna sjølve fekk tilgang til programmet gjennom NRK Super-appen, slik som "Pelle" i dette innlegget på Foreldreportalen.no:

Jeg er i teorien enig i at det er fint at barn vet. Men det er noe med å forvalte informasjonen, og ikke løpe rundt og vise andre folk kjønnslepper på nettbrettet sitt, ustanselig snakke om vagina i butikken (jeg har sagt fra i barnehagen, forråsiresånn). Hun synes det er kjempegøy å se på pupper osv. Jeg tror vi venter til hun er mer moden.
(Pelle, 2015).

I same tråd på Foreldreportalen kjem "Teofelia" med ein positiv reaksjon på programmet:

Jeg syns ikke forplantning eller sex er informasjon som små barn trenger skjermes mot; det er jo en veldig veldig naturlig del av voksnes liv. Dessuten tenker jeg at det er greit at de vet litt om hva det er og hvem som har lov til å gjøre det, i tilfelle de skulle komme opp i situasjoner der det ikke er greit og naturlig.
(Teofelia, 2015)

Oppsummering

Dei ulike faktorane rundt både utforminga og mottakinga av dette programmet viser spenninga mellom dei ulike måtane å tenke rundt barn og seksualopplysning på.

NRK og Newton har som mål å drive folkeopplysning òg for barn, sjølv om dette er eit tema som framleis blir sett på som upassande for aldersgruppa. Når "konkurrenten" på dette feltet er nettpornografi, må ein kanskje vere direkte for å vere ei reell motvekt til framstillingane av sex barn og unge møter der.

Reaksjonane frå foreldre speglar konflikten mellom ønsket om å vere open og ønsket om å skjerme barn frå seksualitet. Normene for foreldrerolla er nok endå tydelegare på skjerming enn openheit på akkurat dette området.

Tenk over / diskuter

Kan du sjå ein samanheng mellom punkta her og nokre av diskursane og den sosiale og kulturelle konteksten for programmet i artikkelen "Diskursanalyse: sosial praksis"?

Kjelder

Almelid, J. H. (2021, 9. oktober). Pubertet på NRK vekker reaksjoner. Dagen. https://www.dagen.no/nyheter/pubertet-pa-nrk-vekker-reaksjoner/

Larsen, H. (2008). Det diskursives dialektikk. En analyse av offentlige samtaler om kunst og kultur. Sosiologisk Årbok 2008, nr. 3-4, 63–84.

Medietilsynet. (2020, 26.mai). Nye rapporter fra Medietilsynet og Redd Barna: Flere barn og unge ser porno. https://www.medietilsynet.no/nyheter/aktuelt/nye-rapporter-fra-medietilsynet-og-redd-barna-flere-barn-og-unge-ser-porno/

Moe, K. & Simonsen, C. (2015, 8. mai). Derfor viser vi barn hvordan sex foregår. NRK. https://www.nrk.no/ytring/derfor-viser-vi-barn-hvordan-sex-foregar-1.12350917

Pelle. (2015). Newtons pubertetsserie. [Melding til diskusjonsforum]. Foreldreportalen. https://nye.foreldreportalen.no/166246

Svennevig, J. (2020). Språkleg samhandling: Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse (3.utg.). Cappelen Damm Akademisk.

Teofelia. (2015). Newtons pubertetsserie. [Melding til diskusjonsforum]. Foreldreportalen. https://nye.foreldreportalen.no/166246

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2021

Læringsressursar

Medieforteljingar om kropp, helse og seksualitet