Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Munnleg-praktisk oppgåve: å vere skeiv der eg bur

Lag ein kort dokumentarfilm om det å vere skeiv der du bur. Jobb først med filmen i grupper, og reflekter deretter individuelt over prosessen og temaet. Oppdraget er ei øving i å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve.

Til inspirasjon

Sjå dokumentarfilmen Bygdehomo frå 2018 (18 min). I filmen møter vi Bjørn-Tore, som er tilbake i heimbygda Volda for å delta på Noregs første Bygdepride. Julia Dahr og Julie Lunde Lillesæter har ansvar for manus og regi.

Arbeidsoppdrag

Del klassen i mindre grupper. Kvar gruppe skal lage ein kort dokumentar på maks ti minutt. Dokumentaren skal handle om det å vere skeiv i den bygda eller den byen de bur i.

Gruppene bør, så langt som mogleg, unngå å bruke dei same intervjuobjekta som andre grupper.

Research

Set dykk grundig inn i fagartikkelen "Seksuell orientering" og fagartikkelen "Kva er kjønnsmangfald?".

Søk etter nettartiklar som handlar om skeive i nærmiljøet dykkar og ulike problemstillingar knytte til det å vere skeiv.

Set dykk også inn i kva som kjenneteiknar sjangeren .

Vinkling og medverkande

Vel ei på den historia de vi fortelje. Historia kan til dømes handle om

  • å «kome ut av skapet» overfor familie og vener der de bur

  • korleis skeive kan finne ein kjærast der de bur

  • korleis det er å ha skeive foreldre der de bur

  • bruk av nedsetjande uttrykk om skeive på skulen eller på fotballbanen og korleis dette blir opplevd dersom ein sjølv er skeiv

  • religiøse og kulturelle problemstillingar knytte til det å vere skeiv der de bur

  • diskriminering av skeive i arbeidslivet og foreiningslivet

  • korleis folk på heimstaden dykkar ser på pride-paradar og bruk av pride-flagg

Når de har valt ei vinkling, må de finne og gjere avtalar med aktuelle deltakarar i dokumentaren. Forklar kva opptaka skal brukast til.

Manus, storyboard og produksjonsplan

Lag eit grovmanus for den historia de vil fortelje. Juster manuset undervegs dersom de oppdagar nye sider ved historia.

Lag ein som fortel kvar og når opptaka skal gjerast, og kven som har ansvar for kva (avtalar, regi, lyd, foto, klipping osb.).

Hugs at ein dokumentar ikkje berre er eit videointervju, men ei filmforteljing. Bruk dokumentaren Bygdehomo som inspirasjon når det gjeld form og innhald. Lag eit som viser dei scenene de vil ha med i filmforteljinga.

Lag også ei som støtte for den som skal filme.

I planleggingsarbeidet bruker de malane i læringsressursen "Malar til planlegging av film".

Opptak

Gjer opptak utandørs – då slepp de å tenkje på lyssetjing. Bruk helst eit videokamera, men det går også an å gjere opptak med mobiltelefon dersom de ikkje har tilgang til kamera. Hugs å gjere mange filmopptak, og sjekk undervegs at dei opptaka de har gjort, er gode. Det er betre med for mykje råopptak enn for lite.

I ein dokumentar er det viktig med god lyd. Derfor bør de bruke ein ekstern mikrofon dersom de har tilgang til det.

Her er nokre tips:

Klipping og lagring

Bruk storyboarda som støtte når de klipper. Klipp filmen til ei samanhengande filmforteljing. Dersom de ønskjer det, kan de leggje på eit musikkspor. Legg inn tittel på filmen, og legg inn ein tekst til slutt med produksjonsopplysingar og kreditering av medverkande.

De finn gode klippetips i artikkelen "Kontinuitetsklipping".

Lagre filmen i mpg4-format.

Individuell refleksjon

Vis filmen i klassen og be om tilbakemelding frå læraren og medelevar.

Deretter lagar kvar elev ein skriftleg refleksjonsrapport som eit individuelt arbeid. I rapporten beskriv du prosessen og produktet. Reflekterer over vala de gjorde undervegs i produksjonsprosessen. Reflekter også over kva du lærte om det å vere skeiv i den byen eller den bygda du bur i.

Dersom du vil, kan du bruke malen nedanfor som støtte i skrivearbeidet.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2022

Læringsressursar

Medieforteljingar om kropp, helse og seksualitet