Livet på to hjul (med støttehjul)
Før du går i gang med oppgåvene, bør du sjå episoden ovanfor frå NRK-serien Ikke spør om det.
Ein av deltakarane i episoden er Morten Marius Skau. Han blei lam frå brystet og ned som 16-åring, etter ei ulykke på trampoline. Han har open konto på Instagram, TikTok og Snapchat, og han har eigen podkast- og YouTube-kanal.
Her kan du sjå Instagram-kontoen hans, @mort1rulle.
Du kan også til dømes sjå YouTube-videoen hans "Hvor mange matches får jeg med Tinder SUPERBOOST?".
Korleis presentere Morten livet sitt som rullestolbrukar på Instagram og YouTube?
Les desse to intervjua med Morten:
Artikkel, Amnesty International (2021): Jeg har det knallbra i rullestol, men det gjelder ikke alle
Artikkel, NRK (2021): – Stort sett hver gang jeg er ute på byen, må jeg tisse bak et hjørne
Korleis nyanserer intervjua biletet av Mortens liv som rullestolbrukar?
Dramakomedien De urørlige (2011) byggjer på ei sann historie. Mangemillionæren Philippe er lam etter ei ulykke. Driss er Philippes nye pleieassistent. Dei to utviklar eit nært og usannsynleg vennskap.
Sjå filmen nedanfor heime eller på skulen.
Diskuter desse spørsmåla i grupper:
Kva seier Philippe om kvifor han valde Driss som assistent? Kva er det han liker ved han?
Kvifor trur de at Philippe ikkje vil møte kvinna han har brevveksla med i fleire månader? Og kva seier dette om kva syn han har på seg sjølv?
Korleis meiner de livet med funksjonsnedsetjing blir framstilt i denne filmen? Vis til konkrete døme i svaret dykkar.
Samanlikn framstillinga av Philippes liv med Morten Marius Skaus framstilling av sitt liv. Kva er likt? Kva er ulikt?
Er desse medieforteljingane om livet som rullestolbrukar realistiske, eller er det romantiserte framstillingar?
Relatert innhald
Oscarnominert fransk film om venskap, håp og om å overleve ei alvorleg ulykke.