Jobb med kortfilmane Nattrikken og Woke?
Studer stillbiletet frå kortfilmen Nattrikken. Kva tankar gjer du deg om dei to personane på biletet?
Sjå kortfilmen Nattrikken på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.
Sit saman i grupper på fem elevar.
Lag på førehand fem lappar der kvar lapp representerer ein av karakterane i kortfilmen Nattrikken. Karakterane er
trikkeførar Ebba
transkvinna Ariel
mann som prøver å sjekke opp Ariel
vennen til han som prøver å sjekke opp Ariel
anonym trikkepassasjer
Medlemmene i gruppesamtalen trekker ein lapp kvar før samtalen byrjar.
Beskriv etter tur dei kjenslene de trur oppstår hos filmkarakterane "dykkar", etter det som skjer på nattrikken.
Kvifor har somme behov for å trakassere menneske dei opplever som "annleis", trur de?
Har de sjølve opplevd eller vore vitne til trakassering på bussen eller trikken? Del erfaringar med dei andre i gruppa.
Korleis takla de denne situasjonen?
Korleis skulle de ha ønskt at de hadde takla situasjonen?
Avslutt gruppesamtalen med å sjå kortfilmen Woke? på bibliotektjenesta Filmbib.
Scenografi handlar om å designe visuelle rom der handlinga i filmen kan spele seg ut. Målet med scenografien og rekvisittar er å røre publikum emosjonelt og å bygge opp under det som skjer i filmen.
Kortfilmen Nattrikken vart spelt inn på kveldstid i desember 2019 på Gråkallbanen i Trondheim. Banen går frå Byåsen til Trondheim sentrum. Korleis er desse kulissane med på å bygge opp under stemninga i filmen?
I kortfilmane Nattrikken og Woke? går handlinga føre seg i eit "lukka rom", nemleg på trikken. Kva betydning har det for hendingsgangen og karakterutviklinga i filmen?
Både på teater og i film er kostyme ein viktig del av scenografien. Kva fortel kleda om hovudkarakterane i dei to filmane?
I siste scene i Nattrikken tek Ebba på seg Ariels parykk, mens Ariel tek av seg hårnettet. Korleis tolkar de denne scenen?
Relatert innhald
Kortfilmen Nattrikken handlar om fordommar og mobbing, men òg om mot og styrke.
Kortfilmen Woke? handlar om å vere merksam på det som skjer rundt deg, og om å tore å stille kritiske spørsmål.