Medieforteljingar om psykiske lidingar
Du finn påliteleg informasjon om fysiske og psykiske lidingar på den offentlege nettstaden Helsenorge. Lag eit resymé av den viktigaste informasjonen du finn om Tourettes syndrom og tvangsliding (OCD) her:
Andreas Andresen Haukeland, betre kjend under artistnamnet TIX, er ein norsk songar og låtskrivar frå Bærum. I 2021 representerte han Noreg i musikkonkurransen Eurovision Song Contest (Grand Prix) med songen "Fallen Angel".
Sjå videoen "The Story Behind TIX" på YouTube.
Kva fortel TIX om korleis det har vore å vekse opp med Tourettes syndrom og OCD, og om kva det gjer med sjølvbiletet hans?
Kva tankar gjer du deg om korleis du sjølv opptrer i møte med menneske med psykiske utfordringar?
Mange artistar som har delteke i Eurovision-konkurransen, har synleggjort det å vere annleis enn andre. Finn døme på slike artistar.
Diskuter med ein medelev: Er det bra at artistar synleggjer det at dei er annleis, på scena og i intervju, eller er det uheldig å promotere seg som artist med tilvising til psykiske og fysiske lidingar?
Det var ikke jeg, det var fiskmåsen (2013) er ein animert dokumentarfilm om Pelle Sandstrak. Pelle har Tourettes syndrom og tvangstankar. Gjennom teikningar og humor gir filmen eit innblikk i Pelles liv i tenåra. Sjå filmen (12 min) nedanfor.
Beskriv scener i filmen som gir innblikk i korleis det er å leve med alvorlege tvangstankar.
Beskriv dei verkemidla filmen bruker for å gi innsikt i korleis ein person med tvangstankar tenkjer.
Kva forståing av tvangslidingar fekk du etter å ha sett denne filmen?
Filmen endar med at Pelles far tek han med seg til Trondheim. Kvifor er det viktig at filmen endar slik?