Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyser ei scene frå Idiotene

Lars von Trier sin film Idiotene (1998) er eit klassisk eksempel på ein dogmefilm som utfordrar det synet samfunnet har på det anormale. Filmen framstår som improvisert og med eit halvdokumentarisk preg. Her skal du analysere scenen der Karen vender heim.

Ein venegjeng samlast i eit gamalt hus for å leike "idiotar". Dei utfordrar både samfunnet rundt seg og seg sjølve når dei opptrer som "gale" eller utviklingshemma og ikkje følgjer normene som gjeld for vanleg sosial åtferd.

I samband med eit kafébesøk møter dei Karen. Ho er rotlaus og melankolsk og lèt seg fascinere av den lausslepte gleda blant "idiotane". Derfor blir ho med i gruppa.

Gruppeleiaren bestemmer at alle medlemmene må vise solidariteten sin til gruppa gjennom ein konfrontasjon med dei menneska som står dei nærast. I scenen ovanfor vender Karen tilbake til familien sin. Ei av kvinnene frå kollektivet følgjer henne heim og blir vitne til det som skjer.

Oppgåver

  1. Kva for karakterar møter vi i dette klippet, og korleis blir det framstilte?
  2. Beskriv det miljøet handlinga går føre seg i.
  3. Korleis er stemninga i rommet når Karen kjem inn?
  4. Kva for filmatiske verkemiddel bruker von Trier for å formidle denne stemninga?
  5. Korleis formidlar von Trier tankane og kjenslene til Karen?
  6. Omgrepet "idiot" blei tidlegare brukt om personar som var sinnssjuke eller mentalt tilbakeståande. Kvifor trur du von Trier har valt å bruke nett dette omgrepet som tittel på filmen?
  7. Kva for typiske trekk frå konseptet "dogmefilm" finn du i dette klippet?

Relatert innhald

Dogmefilmane er ei motvekt til kommersiell filmindustri og blir laga med enkelt utstyr. Handlinga går føre seg på éin stad og utan at vi flyttar oss i tid.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2018

Læringsressursar

Medieforteljingar om kropp, helse og seksualitet