Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med filmen Hvem er Katharina

Korleis er underhaldningsmedia med på å forme sjølvbiletet og identiteten vår? Korleis bidreg filmkarakterar til å forsterke stereotypiar om homofile? Og kvifor er animasjonsfilm godt eigna til å formidle tankar og kjensler?

Før du ser filmen

Sjå filmen

Sjå animasjonsfilmen Hvem er Katharina på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Oppgåver til filmen

Jente med briller, blå genser og brunt hår sit i ein sofa. Bak ho er ein filmplakat med bilete av skodespelaren Marilyn Monroe. Illustrasjon.

1. Medium og førebilete

  1. Lag ei liste over personar du ser på som førebilete. Kva eigenskapar har desse personane som du òg gjerne skulle ha hatt? Kor mange av dei førebileta du har notert, er personar du har blitt kjend med via tv, film eller sosiale medium? Del gjerne det du har notert, med ein medlev, og reflekter saman over det de har skrive.

  2. Er det nokre av desse førebileta som får deg til å føle at du ikkje strekk til? Nemn døme og forklar kvifor.

  3. Katharina er oppteken av personar ho ser på film og tv. Korleis påverkar desse personane Katharinas forståing av si eiga seksuelle orientering?

  4. I ein artikkel i Nettavisen viser Vilde Holta Røssland til at det florerer med om homofile i film og tv-seriar (Røssland, 2020). Finn døme og beskriv kva som kjenneteiknar måten homofile menn og kvinner ofte blir framstilte på i underhaldningsmedia.

2. Kva er identitet?

Sjekk om du kan nokre vanlege omgrep som blir brukte når vi snakkar om identitet.

3. Seksuell orientering og psykisk helse

Eit utsnitt på eit kinolerret som viser kvinnebryst. Illustrasjon.

Helga Eggebø ved Nordlandsforskning leidde arbeidet med ei intervjuundersøking mellom LHBTIS-personar (lesbiske, homofile, bifile, transpersonar, interkjønnpersonar og skeive) i Noreg. Ho fortel at det å kjenne seg annleis er ei erfaring folk beskriv heilt frå ung alder, og som held fram igjennom livet (Gjengedal, 2019).

  1. Kva er det som gjer at Katharina kjenner seg annleis?

  2. Korleis påverkar dette Katharinas livsutfolding og psykiske helse?

  3. Kva knep bruker ho når angsten vil ta overhand?

  4. Filmen sluttar med at Katharina får seg kjæraste. Diskuter med ein medelev: Må alle ha ein kjæraste for å leve eit godt liv?

4. Frå animasjon til vanleg film

I filmen Hvem er Katharina blir animerte teikningar og forteljarstemme brukt til å gi oss innsikt i kva Katharina tenker og føler. I ein vanleg spelefilm formidlar skodespelarar dette ved hjelp av replikkar og mimikk.

No skal de prøve å lage ein animert scene frå filmen om til vanleg spelefilmscene. Jobb saman i grupper på fire elevar.

Studer filmscene som varer frå cirka 2:12 til 3:00. Lag eit biletmanus av denne scenen. I biletmanuset beskriv de kva som skjer, og kva karakterane i filmen gjer og seier. Lag ei skisse som viser dei biletutsnitta de ønsker, dette skal vere ei støtte for den som skal filme scenen.

Ein i gruppa skal spele rolla som Katharina, ein anna rolla som venninna hennar. Den tredje skal filme, og den fjerde skal sørge for god lyd. Opptaket kan gjerne redigerast i etterkant dersom de har god tid og tilgang til eit redigeringsprogram.

Vis filmscenen i klassen og diskuter i fellesskap:

  • Klarte de å formidle Katharinas tankar og kjensler i den filmsnutten de laga?

  • Kva fungerte bra?

  • Kva fungerte dårleg?

  • Kvifor kan det vere lettare å formidle tankar og kjensler ved hjelp av animasjon?

Kjelder

Gjengedal, K. (2019, 5. desember). Kva kjenneteiknar skeive liv? Kilden. https://kjonnsforskning.no/nb/2019/12/kva-kjenneteiknar-skeive-liv

Røssland, V. H. (2020, 14. desember). James Corden slaktes: – Det florerer av homofile stereotyper. Nettavisen. https://www.nettavisen.no/livsstil/james-corden-slaktes-det-florerer-av-homofile-stereotyper/s/12-95-3424061388

Relatert innhald

Animasjonsfilmen Hvem er Katharina? handlar om å finne sin eigen identitet som homofil og om å tore å vere den ein er.

Kva er seksuell orientering, og kva for ulike seksuelle orienteringar finst det?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2024

Læringsressursar

Medieforteljingar om kropp, helse og seksualitet