Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Psykiske lidingar

Nokre menneske har så store psykiske utfordringar at dei slit med å fikse dagleglivet, skule eller arbeid. Her kan du lære meir om ulike psykiske lidingar.

1. Depresjon

  1. Kva er forskjellen på å vere trist, lei seg og deprimert?

  2. Kva er symptoma på depresjon?

  3. Kva kan vere risikofaktorar for å få ein depresjon?

  4. Korleis vil du kommunisere med, tilby støtte til og vise omsorg for ein person som er deprimert?

2. Tvangsliding (OCD)

  1. Kva er tvangsliding?

  2. Kva er tvangstankar?

  3. Kva er tvangshandlingar?

  4. Kva bør du gjere dersom du er plaga av tvangsliding?

3. Bipolar liding

  1. Kva er ei bipolar liding?

  2. Kva utfordringar kan ein som har bipolar liding, møte i kvardagen?

  3. Korleis kan du kommunisere med, hjelpe og støtte ein som har bipolar liding?

4. Paranoid schizofreni

  1. Kva er kjenneteikn ved symptoma på paranoid schizofreni?

  2. Kva er ein psykose?

  3. Forklar kva ei vrangførestilling og ein hallusinasjon er. Gi døme.

CC BY-SASkrive av Siv Stai og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022

Læringsressursar

Medieforteljingar om kropp, helse og seksualitet