Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Livet på to hjul (med støttehjul)

I denne oppgåva skal du analysere og samanlikne ulike medieforteljingar om livet som rullestolbrukar. Kva er realisme, og kva er romantisering?

Før du går i gang med oppgåvene, bør du sjå episoden ovanfor frå NRK-serien Ikke spør om det.

Oppgåve 1: Morten rul(l)ar

Ein av deltakarane i episoden er Morten Marius Skau. Han blei lam frå brystet og ned som 16-åring, etter ei ulykke på trampoline. Han har open konto på Instagram, TikTok og Snapchat, og han har eigen podkast- og YouTube-kanal.

Korleis presentere Morten livet sitt som rullestolbrukar på Instagram og YouTube?

Oppgåve 2: Livet som rullestolbrukar

Les desse to intervjua med Morten:

Korleis nyanserer intervjua biletet av Mortens liv som rullestolbrukar?

Oppgåve 3: Diskuter filmen De urørlige

Dramakomedien De urørlige (2011) byggjer på ei sann historie. Mangemillionæren Philippe er lam etter ei ulykke. Driss er Philippes nye pleieassistent. Dei to utviklar eit nært og usannsynleg vennskap.

Sjå filmen nedanfor heime eller på skulen.

Diskuter desse spørsmåla i grupper:

  1. Kva seier Philippe om kvifor han valde Driss som assistent? Kva er det han liker ved han?

  2. Kvifor trur de at Philippe ikkje vil møte kvinna han har brevveksla med i fleire månader? Og kva seier dette om kva syn han har på seg sjølv?

  3. Korleis meiner de livet med funksjonsnedsetjing blir framstilt i denne filmen? Vis til konkrete døme i svaret dykkar.

Oppgåve 5: Samanlikn medieforteljingane

  1. Samanlikn framstillinga av Philippes liv med Morten Marius Skaus framstilling av sitt liv. Kva er likt? Kva er ulikt?

  2. Er desse medieforteljingane om livet som rullestolbrukar realistiske, eller er det romantiserte framstillingar?

Relatert innhald

Oscarnominert fransk film om venskap, håp og om å overleve ei alvorleg ulykke.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022

Læringsressursar

Funksjonsmangfald