Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Annleise ansikt

Ansiktet er noko av det første vi fester oss ved når vi møter eit anna menneske. Korleis er det å gå rundt med eit annleis ansikt? Og korleis reagerer vi når vi møter menneske med annleis utsjånad på tv-skjermen?

Oppgåve 1

NRK-serien Ikke spør om det utfordrar manglande kunnskap om og fordommar mot menneske som på ulike måtar skil seg ut frå det som er vanleg. Serien ligg på NRK Skole. Sjå episoden "Annerledes ansikt" ovanfor.

  1. Kva lærte denne episoden deg om årsakene til ein annleis utsjånad?

  2. Kva lærte du om korleis folk reagerer på ein annleis utsjånad?

  3. Kva lærte du om å takle det å ikkje sjå ut som alle andre?

Oppgåve 2

Det er sjeldan vi møter menneske med annleis utsjånad i tv-ruta. Og det er endå sjeldnare at dei ikkje opptrer i rolla som offer eller monster.

Mørkhåra kvinne med noko annleis ansiktsform sit i rullestol og er ikledd selskapskjole. Ho smiler mot kamera på raud løpar. Foto.
  1. Beskriv korleis karakteren Clarissa Mullery blir framstilt i den britiske krimserien Tause vitner (originaltittel Silent Witness). Dersom du ikkje har sett serien på NRK eller Netflix, kan du søkje etter informasjon på nettet.

  2. Finn informasjon om skodespelaren Liz Carr. Kven er ho, og kvifor har ho ein annleis utsjånad? Les til dømes denne artikkelen om henne i den engelske avisa The Sun.

  3. Kjenner du til andre underhaldningsseriar der menneske med annleis utsjånad speler sentrale karakterar? Kva eigenskapar blir lagde til desse karakterane?

Eit lite barn ligg på magen og smiler mot kamera. Barnet har skråstilte auge og ansiktstrekk som er karakteristiske for Downs syndrom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3

  1. Sjå traileren til filmen Detektiv Downs (2013) på YouTube. Kva kvalitetar tilfører skodespelar Svein André Hofsø denne filmen i hovudrolla som privatdetektiv Robert Bogerud?

  2. Kjenne du til andre medieforteljingar der personar med Downs syndrom har ei framståande rolle? Korleis blir dei framstilte i desse medieforteljingane?

  3. Diskuter med ein medelev: Korleis reagerer de når de ser menneske med annleis utsjånad på film, på fjernsyn eller i sosiale medium? Kvifor reagerer de slik?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022

Læringsressursar

Funksjonsmangfald