Skriftleg oppgåve – analyser internasjonal nyheitsformidling
Målet med denne oppgåva er
å vise at du meistrar mediefaglege omgrep og teoriar
å vise at du kjenner til nokre internasjonale nyheitsaktørar, og forstår forskjellen mellom verksemda til eit nyheitsbyrå og ein nyheitskanal
å reflektere over kven som produserer nyheitssaker, og korleis kulturbakgrunnen, kunnskapen og haldningane til avsendarane påverkar nyheitsdiskursen
å reflektere over internasjonale nyheitskriterium, og kva nyheiter som når fram til deg som mottakar
å forstå korleis vestlege nyheitsaktørar påverkar forståinga vår av land i sør
Forklar og gi døme på desse omgrepa:
nyheitsbyrå
nyheitskanal
nyheitskriterier
det globale sør
«på vegner av»-journalistikk
fallskjermjournalistikk
I internasjonal nyheitsformidling blir nyheiter frå land i sør ofte plassert inn i velkjende diskursar og nyheitsrammer.
Beskriv nyheitsramma i denne nyheitsartikkelen frå den engelske nettavisa The Guardian: Haiti: a long descent to hell
Korleis føyer ingressen nedanfor seg inn i ein vanleg diskurs i vestlege medium om land i sør?
Haiti, born of slavery and revolution, has struggled with centuries of crippling debt, exploitation, corruption and violence.
Skriv ein kritisk analyse av internasjonal nyheitsformidling med bakgrunn i det du veit om korleis nyheitsbyrå og nyheitsjournalistar jobbar, og den kritikken land i sør har retta mot vestlege nyheitsmedium.
Relatert innhald
Korleis skaper og speglar språk og tekst bestemde verkelegheitsbilete? Her får du tips til korleis du kan gjere ein diskursanalyse.
Vestlege medium forsterkar ofte stereotype oppfatningar av afrikanske og latinamerikanske land.