Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Don't panic – The truth about population

Med ei verdsbefolkning på 7 milliardar som framleis veks, ser vi ofte på framtida med frykt. I denne dokumentaren presenterer den verdskjende svenske statistikaren Hans Rosling eit anna syn.

Om filmen

Verda, og vi som lever her på jorda, står overfor store utfordringar når det gjeld miljø, klimaendringar, mat og ressursar. I Don't panic – The truth about population forklarer Hans Rosling på ein underhaldande måte korleis framtida til verda kanskje ikkje er så dyster som vi kanskje skulle tru.

Med nyskapande 3D-infografikk målar han eit levande bilete av ei verd som har endra seg på måtar vi knapt forstår – ofte til det betre.

"Edutainar"

Hans Rosling var lege og professor i internasjonal helse ved Institutt for folkehelsevitskap ved Karolinska Institutet i Sverige. Han blei kjend utanfor fagmiljøet sitt etter å ha heldt eit føredrag på den kjende TED-konferansen i 2006. Dette føredraget har blitt sett over 10 millionar gonger på YouTube og TED.com.

Han blei særleg kjend for å formidle utviklingsspørsmål og statistikk på ein enkel og underhaldande måte. I 2012 kom han på Time Magazine si liste over dei 100 personane med størst påverknad i verda. I 2014 blei han blant anna utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Oslo. Han døde i februar 2017, 68 år gammal.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm
Sist fagleg oppdatert 22.01.2020

Læringsressursar

Internasjonal nyheitsformidling