Journalist i Nord-Korea
Å jobbe som journalist i Nord-Korea er annleis enn å jobbe som journalist andre stader.
- Ein utanlandsk journalist må jobbe gjennom ein nordkoreansk organisasjon. Journalisten blir møtt av ein, to eller til og med tre "oppassarar" når han kjem til landet.
- Ein av personane fungerer som tolk og overset samtalar.
- Regimet gir løyve til at journalistar skal kunne reise til ulike område i landet.
- Oppassarane følgjer godt med på kva for bilete og filmopptak som blir tekne.
Nordkoreanarane held altså god oversikt over kva journalistar driv med.
Nord-Korea som autoritært regime set grenser som gjer det vanskeleg å drive ordentlig journalistikk.
Journalistar får ikkje
- besøkje alle område dei ønskjer
- snakke med alle menneske dei ønskjer
- snakke fritt med menneske dei får møte
Innsikta journalistar får i tilhøva i landet blir derfor ufullstendig.
Den utanlandske journalisten jobbar med nordkoreanarane i organisasjonen dei har avtale med. Mens journalistane kjem og går, blir nordkoreanarane verande.
Journalistar ønskjer ikkje å skape problem for nordkoreanarane som bur og jobbar der. Dei må ta eit ansvar innanfor deira system. Derfor må journalistane òg opptre varsamt og vere forsiktige.
Med åra har forståinga for kva utanlandske journalistar gjer blitt større, men å rapportere frå Nord-Korea er framleis komplisert.
Sidan byrjinga av 2000-talet har landet endra seg, spesielt i Pyongyang. Det er fleire bilar, og fleire moderne bilar, i gatene, nye varer dukkar opp i matvarebutikkane, nye klesstilar og moteklede har dukka opp. Det er blitt friare i høve til uniformeringa vi har sett i Nord-Korea tidlegare.
Men endringane har ikkje spreidd seg ut over landet elles, og mykje er framleis uforandra under overflata.
Vi veit ikkje om det blir endringar i arbeidsvilkåra for utanlandske journalistar framover. På toppolitisk nivå skjer det ei viss opning mot verda. Regimet er dessutan blitt meir oppdatert og moderne, med tanke på tilnærmingsmåten i enkelte typar nyheitsdekking og kva som skal fremjast i enkeltsaker.
Det viktig å reise inn i Nord-Korea, nettopp fordi det er eit autoritært samfunn – for å tøye grensene for kva som er mogleg å rapportere om derfrå. Jo betre eit reportasjeteam er kjend med systemet, jo meir merksame blir teamet på kva slags metodar som kan brukast
for å tøye grenser.