Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Munnleg-praktisk oppgåve: På flukt

Arbeidsoppdraget går ut på å lage ei utstilling på skulen med tittelen På flukt. Utstillinga skal fortelje historia til flyktningar som har kome til Noreg frå ulike delar av verda, og synleggjere korleis menneske på flukt blir omtalte i norske og internasjonale nyheitsmedium.
Ein overfylt båt kantrar. Om bord i båten er det svært mange menneske, ein del har redningsvestar på og nokre svømmer alt i sjøen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsinformasjon til arbeidsoppdraget På flukt

I Noreg bur det mange menneske som har opplevd å vere på flukt frå heimlandet sitt.

Dei kjeldene som er brukte som døme her, har også informasjon om fleire flyktninggrupper i Noreg. Bakgrunnsinformasjon finst også på nettsidene til regjeringa.

Læraren deler klassen i mindre grupper og sørgjer for at gruppene jobbar med flyktningar frå ulike land.

Gruppeoppdrag – intervju, reportasje og grafisk framstilling

Gruppemedlemmene fordeler arbeidsoppgåvene seg imellom.

  • Kvar gruppe får i oppdrag å lage eit videointervju med ein flyktning som bur i Noreg i dag. Personen bør vere over 18 år og ved god helse. Hugs å få skriftleg samtykke til at intervjuet kan inngå som ein del av ei utstilling.

  • Gruppa skal lage ein avisreportasje med bakgrunnsinformasjon om konfliktar i det området vedkommande kjem frå. Innhaldet i denne reportasjen skal byggje på nyheitsformidling frå både norske og internasjonale nyheitsmedium. Hugs å oppgi kjelder.

  • Gruppa skal også lage ein grafisk/visuell framstilling som viser kvar flyktningen kjem frå, og ulike etappar i den ruta flyktningen følgde på veg til Noreg. Be gjerne om å få kopiere private bilete som kan brukast til å illustrere fluktruta og dei utfordringane han eller ho møtte undervegs.

Klasseoppdrag – lag utstillinga På flukt

Når gruppene er ferdig med arbeidet, skal klassen i fellesskap presentere dei ulike bidraga i form av ei utstilling i eit eigna lokale på skulen, til dømes i kantina eller på biblioteket. Utstillinga skal ha tittelen På flukt.

I samband med opninga av utstillinga skal éin person frå kvar gruppe presentere arbeidet i gruppa, og reflektere over kva forståing av menneske på flukt dette arbeidsoppdraget har gitt gruppa.

Eigenvurdering

Når arbeidsoppdraget er ferdig, skal elevane skrive ein individuell refleksjonsrapport. Rapporten skal beskrive produkt og prosess.

I tillegg skal eleven reflektere over likskapar og forskjellar i det biletet norske og internasjonale nyheitsmedium gir av menneske på flukt, og kva det betyr å møte ein flyktning ansikt til ansikt.

Bruk gjerne denne rapporteringsmalen som støtte for den skriftlege rapporten.

Relatert innhald

Krigsjournalistikk skildrar krig og konfliktar frå ulike vinklar. Det er store kontrastar mellom historiene til generalane og dei sivile krigsoffera.

Grensa mellom sosialpornografi og det som er verdig og rett, kan vere vanskeleg å trekkje. Mange trekte henne langs vasskanten i Tyrkia, ved det daude barnet.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2022

Læringsressursar

Internasjonal nyheitsformidling