Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Personifisering i internasjonal nyheitsformidling

Nyheitsforteljinga om 12 gutar innestengt i ei grotte kan treffe oss hardare enn nyheitsforteljingar om at mange hundre tusen blir ramma av langvarig tørke eller enorm inflasjon. Kvifor er det slik? Jobb saman to og to med desse oppgåvene.

Oppgåve 1

Her ser de fem pressebilete som er godt kjende frå internasjonal nyheitsformidling.

  1. Finn ut kva desse sakene handlar om.

  2. Kva for nokre av desse sakene har de høyrt om frå før?

  3. Kva har desse sakene til felles?

  4. Kva effekt oppnår journalisten når saker blir personifiserte med bilete av og historier om barn?

  5. Diskuter etiske sider ved val av dei ulike bileta til pressedekking av saker.

Oppgåve 2

Her er tre nyheitssaker frå Portugal, Tyrkia og Thailand

  1. Kva for nokre av desse tre nyheitssakene har de fått med dykk tidlegare?

  2. Kor alvorleg er det som skjer for befolkninga i desse landa?

  3. Blir de engasjerte når de les desse nyheitsoppslaga? Kvifor? Kvifor ikkje?

Oppgåve 3

  1. Lag ei liste over nyheitssaker de har lese eller sett det siste året, som handlar om hendingar i Marokko og Uganda.

  2. Kva nyheitskriterium må vere på plass for at de skal engasjere dykk i nyheiter om hendingar som skjer i afrikanske land?

Oppgåve 4.

Les Sven Egil Omdals mediekommentar frå 2018: Gikk journalistene seg vill i grotten?

  1. Beskriv den problemstillinga Omdal tek opp i denne mediekommentaren.

  2. Drøft problemstillinga ut frå det de veit om nyheitskriterium og internasjonal nyheitsformidling.

Relatert innhald

Ein journalist må ha kunnskap om kva for hendingar som skal prioriterast og bli til nyheitssaker. Nyheitskriteria beskriv kjenneteikn ved nyheiter.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2022

Læringsressursar

Internasjonal nyheitsformidling