Hopp til innhald

Fagstoff

Nyheitskriterium

Pressa er alltid på jakt etter spektakulære avsløringar og oppsiktsvekkjande nyheiter. Journalisten må vite kva som gir ei sak nyheitsverdi. Nyheitskriteria beskriv kva som kjenneteiknar nyheiter.
Norsk statsminister møter amerikansk president i USA. Pressa er til stades. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei nyhet kan beskrivast som noko som nettopp har skjedd eller noko vi nettopp har fått vite om. Ein journalist må ha kunnskap om kva for hendingar som skal prioriterast og bli til nyheitssaker. For at saka skal ha nyheitsverdi må ho vere aktuell for publikum, og ei hending har nyheitsverdi når ho får merksemd i pressa.

Tenk over

Kva løftar ei sak frå å vere ei ordinær hending til å bli ei nyheitssak?

Nyheitskriterium

Somme gonger kan det vere vanskeleg å vite kva for hendingar som har nyheitsverdi. Nyheitskriteria kan vere til god hjelp for journalisten når saker skal prioriterast. Nyheitskriteria beskriv kva som kjenneteiknar nyheiter. Ei sak med høg nyheitsverdi er gjerne basert på minst to av desse kriteria.

Forkortinga KVEISA kan hjelpe deg å hugse kriteria

K for konflikt
V for vesentlegheit
E for eksklusivitet
I for identifikasjon og nærleik
S for sensasjon
A for aktualitet

Konflikt

Konflikt er eit sentralt nyheitskriterium. Konfliktar og ueinigheit skaper ofte merksemd og interesse. Tydelege konfliktar er viktig i nyheitssaker. Journalistar er derfor ofte på jakt etter motsetnader og klare frontar når dei vel saker. Tydelege konfliktar kan også gjere vanskelege saker enklare å forstå for publikum.

Vesentlegheit

Røystesetel blir lagd i ei valurne. Foto.

Ei sak bør vere vesentleg og viktig for publikum. Saker med fokus på dei politiske partia i forkant av eit stortingsval er viktig for norske borgarar. For at demokratiet vårt skal fungere er innbyggjarane avhengige av informasjon. Nyheiter som bidreg til at folk kan ta nøye gjennomtenkte val, er vesentleg og viktig for mange. Vesentlegheit blir ofte rekna som det viktigaste nyheitskriteriet og kan knytast til pressa sitt samfunnsoppdrag.

Eksklusivitet

Viss ein journalist er aleine om ei sak, blir denne saka gjerne prioritert framfor hendingar som fleire medium dekkjer. Eksklusivitet er viktig. Viss ein journalist har fått tak i ei sak som ingen andre medium har oppdaga, blir dette gjerne slått stort opp.

Identifikasjon og nærleik

Viss vi kan identifisere oss med saka, blir ofte nyheita interessant for oss. Saker vi blir kjenslemessig rørte av, reknast ofte som gode nyheitssaker. Nærleik er viktig. Vi opplever somme nyheiter som nære, både personleg, geografisk og kulturelt. Journalisten jaktar ofte på ein god "case" – ein person som kan fronte saka og som publikum kan identifisere seg med. Konkrete personar er ofte lettare å identifisere seg med enn abstrakte prosessar.

Sensasjon

Sensasjonelle nyheiter fangar merksemda, noko oppsiktsvekkjande har skjedd. Det klassiske dømet i journalistikken er at nyheita ”Hund biter mann” har låg nyheitsverdi, mens derimot overskrifta "Mann biter hund” overraskar og vekkjer interesse. Pressa er ofte på jakt etter det uvanlege og spesielle.

Aktualitet

For at ei hending skal ha nyheitsverdi må ho vere aktuell. For journalistar er det viktig å vere først ute med nyheiter. Nyheiter er ferskvare. Aktuelle saker handlar om noko nytt eller om noko som fram til no har vore ukjent.

Nyheitsterskel

Sjølv om ei hending tilfredsstiller fleire av nyheitskriteria, blir det inga nyheitssak dersom ho ikkje kjem over nyheitsterskelen. Nyheitsterskelen er ei grense som avgjer om ei sak har nyheitsverdi eller ikkje. Denne terskelen varierer frå dag til dag og frå redaksjon til redaksjon.

Viss det skjer ei dramatisk ulykke med mange døde og såra menneske, vil dette dominere nyheitsbiletet – nyheitsterskelen blir høg. Det blir mindre plass til mindre dramatiske nyheiter. Midt på sommaren, i fellesferien, er det ofte lite som skjer. Då treng redaksjonen stoff, og journalistane lagar gjerne oppslag om mindre viktige hendingar. Nyheitsterskelen er låg.

Les denne nyheitssaka frå Dagbladet

Hagl store som grapefrukt - 18 til sykehus i Italia

Kva for nyheitskriterium kan du knyte til saka?

Temperaturmålar i Oslofjorden. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2019

Læringsressursar

Nyheitsformidling om klimaet, berekraft og forbruk